Bli med!

Sogndal: 14-16. september

I år blir Sognahelg arrangert for tredje gang i regi av ulike aktørar i Sogndal. Her blir det aktivitet for små og store, så det er absolutt verdt å legge turen til Sogndal denne helga.

Sognahelg 2018 har foreløpig følgjande program:

FØRPREMIERE PÅ FLÅKLYPA:
Tid: Fredag 14. september kl. 18:00
Stad: Sogndal kulturhus

Solan og Ludvig-triologien blir avslutta med ei spektakulær måneferd som tek Flåklypa-universet til nye høgder.
Det blir førpremiere på filmen "Månelyst i Flåklypa" fredag 14/9.
Me rullar ut raud løpar og det blir konkurransar, lykkehjul og ansiktsmåling i vestibylen ein time før filmen både fredag og laurdag. Filmen kan du også sjå laurdag 15/9 kl. 16:00 og søndag 16/9 kl. 16.00.

FRIVILLIGDAGEN:
Tid: Laurdag 15. september kl. 12:00 - 15:00
Stad: Sentrumsparken

Frivilligdagen vil ha fokus på kommunen sine lag/organisasjonar og ha tilgang på scene og profesjonell lyd for unge og eldre talent som stiller med underholdning. Frivillige lag og organisasjonar vil presentera sitt arbeid med standsbord i Sentrumsparken, gjerne og med enkel aktivitet/underholdning som viser fram lagsarbeidet.
Det blir og andre aktivitetar, lags-lotteri, nokre smaksprøvar og utdeling av Frivilligprisen denne dagen.

Påmelding for lag/org til Frivilligdagen, frist 10.september til:
frivilligsentralen@sogndal.kommune.no
Ring/SMS: 992 86 017

SMILI:
Tid: Lardag 15. september
Start mosjonsklasse kl.12.00 og start aktiv klasse kl.13.00.
Stad: Start og mål i Sentrumsparken.

Mosjonsløpet for alle!
SMILI er eit mosjonsløp som er 10 km. Det er lagt opp til at folk kan velje 5 km eller 10 km da det er ei rundløype på 5 km i Sogndal sentrum. Påmelding til smili@sogndalidrettslag.no

Laurdag 15/9 utdeling av startnummer og registrering frå kl. 11.00 i sentrumsparken. Mosjonsklassen utan tid startar kl. 12.00 og konkurranse klassen startar kl. 13.00.
Me oppfordrar born, vaksne og eldre vaksne til å delta. Lite eller godt trent, nedsatt funksjonsevne skal ikkje bety noko. Har du lyst har du lov.

Påmeldingsavgift som inkludera lisens er kr 100,- for mosjon og kr 200,- for konkurranse.
Bli med og ta med deg naboen til ein folkefest!

FRYDENBØ FAMILIEDAG:
Tid: Søndag 16. september kl. 14:00 - 17:30
Stad: Sognahallen

Ta med familien og bli med på ein dag fullspekka med ulike aktivitetar i Sognahallen!

I forkant av kampen mot Ull/Kisa arrangera Sogndal Fotball Frydenbø Familiedag i Sognahallen. Prøv presisjonen og ferdigheitene mot våre A-lagsspelarar. Delta på fotballrodeo, bungee run, fotballradar, fotballdart, straffekonk, dribleløype, spel, mm. I tillegg blir det aktivitetar som klatring, mini-skihopp, teikning og andre gøyale aktivitetar.

Bilutstilling av Frydenbø
Frydenbø syner fram sine flotte seriar av Volvo og Nissan. Dette er sikre, moderne og økonomiske bilar det er verdt å ta ein nærare titt på.

Lerumvogna er på plass og her blir det sal av pølser, vafler, Stao no pao drikk og lerumsaft.

Inngang: gyldig kampbillett (Fam.pk: min. 3 billettar á kr. 100,-)
Kjøp billettar her

OBOSLIGA-KAMP:
Sogndal - Ull/Kisa
Tid: Søndag 16. september kl.18:00
Stad: Fosshaugane Campus

Helsing Sogndal Fotball, Sogndal Kulturhus, Sogndal Handel og Service, Amfi Sogningen, Sogndal Frivilligsentral, Sogndal Idrettslag og mange andre engasjerte medhjelparar.

Annonse fra Obos-ligaen: