Sogndal - Kristiansund

Treningskamp på La Quinta i Marbella, avspark klokka 13.00

Kampdag!

Opphaldet her nede på solkysten går mot slutten, og me er klare for vår andre kamp i palmesuset.

I dag skal me møta Kristiansund Ballklubb, laget som har vore i ein rivande utvikling og avansert på tabellen kvart år i ei lang årrekkje. Det jobbast svært godt der, og me vil i dag få ein god peikepinn på korleis me ligg an når me barkar i hop med Christian Michelsen sine gutar. Me får eit gjensyn med våre gamle vener Christophe Psyché og Bendik Bye, og det gler me oss til.

Kampen kan sjåast direkte på firda.no

Dagens kamptropp:
Kjetil Haug, Kristian Rutlin, Eirik Birkelund, Eirik Lereng, Ulrik Fredriksen, Ole Martin Rindarøy, Eivind Helgesen, Stefan Antonijevic, Per Magnus Steiring, Luc Jeggo, Eirik Schulze, Steffen Ernemann, Sixten Jensen, Sivert Mannsverk, Joachim Soltvedt, Akor, Jonas Fredriksen, Martin Ramsland og Sigurd Haugen.

Me har hatt ein super treningsleir her i Marbella. Strålande sol og varme grader, strøkne grasmatter, eit lag som tek meir og meir form - det er noko på gang i denne gjengen.

Per Magnus Steiring har slete litt med ein vond legg her nede, men er no klar til kamp. Ulrik Flo steppa inn som reporter etter treninga i går.





-Me har ambisjonar om å slå Kristiansund, sa Eirik Bakke då me snakka med han etter treninga.

Kampen går på La Quinta, eit steinkast frå Marbella Football Center, avspark er klokka 13.00.

Stao no pao!!

 

Annonse fra Obos-ligaen: