SOGNDAL - ROSENBORG

Fosshaugane Campus kl. 15.30

Me er framme ved runde 17 av Eliteserien 2017.

Klokka 15.30 er det fotballfest på Fosshaugane Campus: Sogndal - Rosenborg.

Dette er dagens kamptropp:
Mathias Dyngeland, Tarjei Omenås, Taijo Teniste, Victor Grodås, Per Magnus Steiring, Ulrik Fredriksen, Eirik Skaasheim, Espen Næss Lund, Kristinn Jónsson, Eirik Birkelund, Gilbert Koomson, Simen Brekkhus, Henrik Furebotn, Lars Christian Kjemhus, Eirik Schulze, Bendik Bye, Johan Hove og Martin Ramsland. 

Diverre er Kjetil Wæhler ute med kneskaden sin, men gledeleg er det å sjå at Victor Grodås er tilbake i kamptroppen!

Vêret her i Sogndal er betre enn kva me har sett det meste av sommaren. Det er skya, med litt solskin innimellom. Temperaturen er behageleg.

Les også: Før Avspark.

BillettBui opnar lukene no klokka 13.30, og det er rapportert om godt sal før denne kampen. Ein lyt vera litt tidleg ute i dag, då det kjem mykje folk. Har du enno ikkje billett til kampen, er det framleis billettar att her.

Sogndal - Rosenborg
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 15.30

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: