SOGNDAL - STRØMMEN

Fosshaugane Campus, Avspark klokka 18.00

Me er framme ved runde 10 av årets OBOS-liga. Etter dagens kampar har me altså allereie unnagjort 1/3 av seriespelet i 2018.

Sola badar den vakre bygda vår med mange varme grader, og alt ligg til rette for at dette blir ein kjempefin kveld for fotball. Me håpar å sjå deg på kamp!

Me tek i mot Strømmen i kveld, karane våre er klare til avspark klokka 18.00.

Les meir: Før Avspark

Det er viktig at mange kjem og støttar gutane i dag, og hjelper dei fram i kampen om tre kjørkomne poeng! Her kjøper du billett til kampen.

Dette er dagens kamptropp: 

Mathias Lønne Dyngeland, Kjetil Haug, Per Magnus Steiring, Akeem Latifu, Ulrik Fredriksen, Tomas Totland, Lars Christian Kjemhus, Victor Grodås, Eirik Birkelund, Henrik Furebotn, Eirik Schulze, Kjetil Wæhler, Sixten Jensen, Stanisa Mandic, Ulrik Flo, Sigurd Haugen, Ole Martin Rindarøy og Johan Hove.

Me ser at Victor Grodås og Henrik Furebotn endeleg er tilbake etter skadeavbrekka!

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: