Sogndal - Strømmen

Treningskamp på La Quinta i Marbella, avspark klokka 13.00

Kampdag!

Me er no inne i den siste delen av sesongoppkøyringa før OBOS-ligaen 2019. I lag med ei rekkje lag frå Norge er me på treningsleir i Marbella, og klokka 13.00 møter me divisjonskollega Strømmen til dyst.

Kampen kan sjåast direkte på firda.no

Dagens kamptropp:
Kjetil Haug, Kristian Rutlin, Eirik Birkelund, Eirik Lereng, Ulrik Fredriksen, Ole Martin Rindarøy, Eivind Helgesen, Stefan Antonijevic, Tomas Totland, Per Magnus Steiring, Luc Jeggo, Eirik Schulze, Badou, Steffen Ernemann, Sixten Jensen, Sivert Mannsverk, Joachim Soltvedt, Akor, Martin Ramsland og Sigurd Haugen.

NB! Kampen er flytta til La Quinta, ei bane som ligg eit steinkast frå Marbella Football Center. Det var der me hadde alle treningane i fjor her nede.

Martin Ramsland gler seg til kamp mot gamleklubben, og til å slå frekke tunnelar på kompis Victor Grodås.




Trenar Eirik Bakke ser fram til kampen.

So langt har me hatt ein strålande treningsleir på den spanske solkysten. Det har vore sol heile dagen, temperaturar som for nordmenn er sommarlege rundt 20 grader, og treningsanlegget er heilt strøkent.

Sportssjef Håvard Flo er veldig godt nøgd med det han ser på treningsfeltet. 


Med tre veker att til seriestart, vil me i dag få eit signal om korleis me ligg an i løypa samanlikna med Strømmen. Me gler oss til kamp i solskinet!

Treningskamp i Marbella på La Quinta
Sogndal - Strømmen
Avspark klokka 13.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: