SOGNDAL - STRØMSGODSET

Fosshaugane Campus klokka 18.00

Me er framme ved runde 4 av Eliteserien 2017.

Klokka 18.00 brakar det laust på Fosshaugane Campus: Sogndal - Strømsgodset.

Dette er dagens kamptropp:
Mathias Dyngeland, Tarjei Aase Omenås, Ulrik Fredriksen, Eirik Skaasheim, Bjørn Inge Utvik, Christophe Psyche, Per Magnus Steiring, Victor Grodås, Gilbert Koomson, Simen Brekkhus, Eirik Birkelund, Henrik Furebotn, Chidibere Nwakali, Eirik Schulze, Bendik Bye, Lars Christian Kjemhus, Fredrik Flo og Martin Ramsland.

Les meir: Før avspark

BillettBui opnar luka klokka 16.00 i dag. Kjøper du billetten på nett og printar den ut heime, slepp du unna ein del kø.

Det er litt vårstemning i den vakre bygda vår i dag. Påskas siste dag starta med klar blå himmel og flott sol. Utover dagen har det skya litt til, og Storm kan melda at det blir lettskya og rundt fem grader under kampen. Det er óg meldt nokså vindstille, men dalatrekken kan gjera det surt nok, so kle godt på dykk!

Me legg ut startoppstillinga om lag ein time før avspark.

Runde 4 - Eliteserien 2017
Sogndal - Strømsgodset
Fosshaugane Campus 
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse: