Fotball for alle (2018)

I helga var Sogndal United samla til tilrettelagt fotballdag i Sognahallen

Søndag 22.april vart det gjennomført ein Tilrettelagt Fotballdag i Sogndal, saman med Sogndal United. Totalt var det 20 deltakarar, som er ny rekord i Sogndal!

Det vart ein kjempefin dag med høg aktivitet og mykje moro, med deltakarar frå Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Fotballtrening, mat og OBOS-ligakamp stod på menyen, og responsen frå spelarar og instruktørar var utelukkande positiv.

- Dette må vi gjør oftare, fortel ein spelar som hadde tatt turen frå Stryn, saman med 13 medspelarar frå klubben. 

Spelarar frå A-laget vårt var med
- Det er flott å sjå so mykje idrettsglede, og veldig kjekt å få vere med Sogndal United i dag, seier Martin Ramsland.

Sogndal United Sogndalhallen 22.04.18 1600x900_15
Keeperane har full kontroll

A-lagsspelarane hadde ansvar for skotposten og rettleia deltakarane undervegs.

- Me fekk ansvar for skotposten, og der var det mange som leverte. Furebotn vart skoten inn i mål til tider, seier Ramsland med eit godt smil.

Sogndal United Sogndalhallen 22.04.18 1600x900_2
Stig Ove og Henrik Furebotn

Mange glade menneske
Deltakarane imponerte spelarane med gode skot, pasningar og ikkje minst gode oppmodingar.

- Eg har møtt ein flott gjeng med glade menneske, og det har vore utruleg givande, fortel Ramsland.

Siv Katrin frå Leikanger var godt nøgd med dagens økt.
- Eg har hatt ein veldig kjekk dag og fått scora mykje mål, fortel ei smørblid Siv Katrin.

Sogndal United Sogndalhallen 22.04.18 1600x900_1
Siv Katrin og Heidi Marie tar ein "dab"

- Fotball er utruleg gøy og det kjekkaste me har gjort i dag var å spele internkamp til slutt, fortel ho.

Ynskjer du meir informasjon om tiltak for målgruppa, tek du kontakt med Klubbutviklar Anders Veibust på [email protected]

Annonse fra Obos-ligaen: