Soltvedt i siget

Joachim kom til bygda med gode referansar. Førre helg sette han ballen i nettet i ein særs viktig kamp for Sogndal. Les meir om bergensaren her:

Joachim er oppvaksen i Bergen, på Laksevåg, og spelte på Lyngbø fram til fjortenårsalder. Så gjekk han vidare til utviklingsavdelinga i Brann fram til 2015. Vidare gjekk vegen innom Åsane i 2, 5 sesong før han hamna i Fana. No er Sogndal det neste steget.


Du signerte treårskontrakt med Sogndal midt i sesongen. Har du nokre mål for desse åra?


Eg har jo sjølvsagt mål om å utvikla meg som fotballspelar. Alle som spelar profffotball i Noreg har ein draum om å koma til utlandet - det gjeld meg og.


Du har også teke steget frå OBOS til eliteserie. Korleis opplever du det?

Ja, eg har spelt 2,5 sesong i OBOS og gjort det greitt der. Føler no at det er riktig å ta eit steg opp.

Joachim Soltvedt trening v 32 2017 (1)
Trening med laget. Foto: Rune Sjøberg


Kva tykkjer du om Fosshaugane Campus?


Sogndal har eit veldig imponderande anlegg, så veldig nøgd med det.


Korleis er du som person?

Eg er snill gutt frå Bergen som likar å vera med folk, vera sosial og tulla litt. Roleg og fin, både på og utanom bana.

Utanom fotballen går det mykje i FIFA, tv, playstation og slikt. Det er ikkje så mykje å finna på i Sogndal. Men det er berre fint det, avsluttar Soltvedt.

Joachim Soltvedt HaugesundH 2017 Foto - Rune Sjøberg (3)
Fyrste eliteseriekamp frå start. Mot Haugesund 2017. Foto: Rune Sjøberg

Annonse fra Obos-ligaen: