Sondre med for fullt

Skal vera i Sogndal Fotball på fulltid dei neste to åra

Sondre Skrede trer inn i utviklingsavdelinga sitt team i ein 100% stilling dei neste to åra. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Sogndal Fotball.

Sogndal Fotball og Høgskulen på Vestlandet har gjennom fleire år samspelt om å byggja opp kompetanse på fotballfeltet ved Fosshaugane Campus. Som eit nytt ledd i denne satsinga, har me no signert ein toårsavtale med Sondre Skrede frå 1.1.2018.

- Me er særs glade for å kunne knytta Sondre tettare til oss i kvardagen, der me får moglegheit til å vidareutvikla samarbeidet med HVL og Sogndal Fotball. Sondre har hatt ein flott utvikling innanfor analyse og animasjon, som han har som sitt spesialfelt og han har vist flott dedikasjon inn mot moglegheit for eigenutvikling, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Sondre har vore ein viktig del av dette kunnskapssamspelet gjennom to år og bygd opp ein solid kompetanse på feltet kamp- og spelaranalysar i fotball. Han har nyleg avslutta masterudanninga si i idrettsvitskap ved HVL på ei oppgåve som handlar om trenarrettleiing i fotball. Han har også analyseansvar på aldersbestemte landslag på jentesida. Sondre har tidlegare vore hovudtrenar for Sogndal Damelag, og i år har han vore assistenttrenar i Fjøra.   

- Tilsetjinga av Sondre er eit viktig ledd i å vidareutvikla kunnskapssamspelet i fotball på teamet kamp- og spelaranalysar ved Fosshaugane Campus. Høgskulen vil leiga Sondre inn for å understøtta ei vidareutvikling av utdanning og forsking innan fotball, som er eit område me ønskjer å satsa tydeleg på i åra som kjem, seier Instituttleiar Frode Fretland ved Høgskulen.

Sondre skal i hovudsak bidra på tre felt i den nye stillinga si. Han er tilsett i utviklingsavdelinga. Her skal han driva fram ein aktiv og praksisnær bruk av fotballanalysar for å vidareutvikla spelar- og trenarutviklinga i klubben. Han skal jobba tett med trenarteamet rundt A-laget og Sogndal 2 for å gjennomføra analyseoppgåver i desse laga, og han skal på oppdrag frå HVL vera med på å utvikla undervisning og forsking på fotballfeltet. Ein sentral del av stillinga er å vidareutvikla laboratorium for fotballanalyse på Fosshaugane Campus. 

 - Å ha ein person, slik som Sondre, på innsida av toppfotballen og barne- og ungdomsfotballen i ein klubb som Sogndal og innafor krets og landslag i regi av Norges Fotballforbund, har stor verdi for kunnskapsutviklinga i høgskulen. Me ønskjer å driva fram forsking og utdanning som er tett på praksisfeltet og som gir studentar og tilsette hjå oss  ein høg grad av yrkesinnretta kompetanse. Sondre vil vera ein viktig brubyggjar mellom praksisfeltet og høgskulemiljøet, seier prosjektleiar for fotballforsking, Vegard Fusche Moe. 

- Me ser fram til at Sondre blir med oss vidare på "analyselaget" i fotball, seier Einar Ylvisåker og Joar Fossøy. Dei har eit overordna ansvar for fotballutdanninga i høgskulen og strekar under at Sondre er ein av dei som er svært langt framme når det gjeld bruk av videobaserte analyseverktøy i fotball.

- Dette er ein kompetanse me ønskjer Sondre skal vidareutvikla inn mot studia våre og inn mot studentoppgåver på laboratoriet slik at me skapar eit endå større miljø og eit sterkt engasjement hjå fleire for bruken av videobaserte analysar i fotball, avsluttar Fossøy.

 Håvard Flo er veldig glad for at Sondre har takka ja til stillinga.

- I gjennom sitt gode arbeid med HVL og Sogndal Fotball, har han og fått moglegheiten for å kunne bistå med sin kompetanse inn mot NFF og landslag. Verdien av slik kunnskapsutvikling er meget viktig og det er dette som er med å skape desse gode miljøene her på Fosshaugane Campus, avsluttar Flo.

Annonse fra Obos-ligaen: