Sørlendingen Schulze

Finn ut korleis Schulze havna i Sogndal. Les om sørlendingen her:

Eirik er i frå Mandal og spelte fyrst i Mandalskameratene som er moderklubben. Han byrja på A-laget der som 16-åring og spelte for dei i 2,5 år. Deretter kjøpte Viking han. Å vera fotballspelar er noko han alltid har hatt lyst til. Så når han fekk sjansen til å satse enno meir, og flytte til Stavanger, så takka han ja til det. Der var han i 2,5 år. Trente fast med A-laget, men han var ung og det var mange andre gode spelarar der, så speletida vart noko avgrensa.

Difor ville han gå til ein ny klubb med meir fast speletid. Han gjekk vidare til Strømmen og fyrste divisjon. Trivdes godt der og var der i to sesongar. Før førre sesong skifta han tilbake til Rogaland og Sandnes Ulf. Her var han før Sogndal kjøpte han.


Eg har vore både klassekamerat og lagkamerat med Martin Ramsland før. Me møter stadig på kvarandre, seier Schulze.


Kva tenkjer du om Fosshaugane Campus og miljøet i Sogndal?


Eg er imponert over kva dei har fått til her, det trur eg dei fleste syns, både utanforståande og dei som held til her. Det er god gjort å få til alt dette her på ein liten plass. Det er strålande fasilitetar og alt ligg til rette for at me kan utvikla oss, seier Eirik. Lagkameratane har det også veldig kjekt saman, men mykje av dette er internt.

Eirik Schulze RosenborgB 2017 Foto - Rune Sjøberg (2)
Eirik Schulze mot Rosenborg borte 2017. Foto: Rune Sjøberg


Korleis ser kampdag ut for deg?


Nei, eg har ikkje nokre spesielle ritual i høve kampdag. Det går i å ete riktig og kanskje spasere ein tur. Tidleg på dagen ladar eg batteri og førebur meg. Det er ikkje noko hokus pokus.

Eirik Schulze H Ingvild Fridtun
Schulze i farta! Foto: Ingvild Fridtun


Korleis ligg du an i høve botsystemet?


Nei, det er jo litt vanskeleg å sleppe heilt unna. Det er mange reglar og folk fylgjer med heile tida. Eg er ikkje blandt dei verste, så får vere nøgd med det. Det er kjekt å ha ei slik ordning, pengane går jo tilbake til spelarane, avsluttar Schulze.

Eirik Schulze

  • Alder: 24

  • Vaks opp i: Mandal

  • Posisjon: Midtbane

  • Kampar for Sogndal: 12

  • Draktnummer: 7

Annonse fra Obos-ligaen: