Sparebanken Vest Familiedag

Sognahallen: søndag 17.september

Me gjentek suksessen frå i fjor og arrangerar SPAREBANKEN VEST FAMILIEDAG i Sognahallen i forkant av kampen mot Haugesund.

Kven er familiedagen for?
Me ynskjer barn, ungdom og vaksne velkomen i alle alderar, men aktivitetane me har tilgjengeleg passar særs godt for dei mellom 5 til 14 år.

Aktivitetar
Prøv presisjonen og ferdigheitene mot våre A-lagsspelarar. Delta på fotballdart, sumofotball, fotballradar, hinderløype-hoppeslott, straffekonk, dribleløype, spel, mm.

I tillegg blir det aktivitetar som klatring, mini-skihopp, teikning og andre gøyale aktivitetar.


Lerumvogna er på plass og her blir det sal av pølser, vafler, Stao no pao drikk og lerumsaft.

Ta med familien og bli med på ein dag fullspekka med ulike aktivitetar i Sognahallen!

Inngang: gyldig kampbillett (Familiedag m/kamp á kr. 100,-)

Kjøp din billett her

SPAREBANKEN VEST FAMILIEDAG
Dato: Søndag 17. september
Tid: kl. 14:30 - 17:30
Stad: Sognahallen.

Eliteseriekamp
Sogndal -Haugesund
Søndag 17. september kl.18:00
Fosshaugane Campus

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: