Spel Eliteserien Fantasy

Suksess-spelet Fantasy Premier League er klart i ny, norsk drakt. Kva Sogndal-spelarar vel du?

Den norske Eliteserien er den fyrste europeiske ligaen som får nøyaktig det same spelet som den engelske landeplaga som samlar over 4,3 millionar brukarar verden over, der av 110.000 nordmenn.

Kom i gang: Her spelar du Eliteserien Fantasy

No kan du plukke ut ditt lag – beståande av 15 spelarar (to keepere, fem forsvarsspelarar, fem midtbanespelarar og tre angriparar) – og konkurrere i ligaer med vener, kollegaar, familie og andre norske fotballfans om å samle flest mogeleg poeng gjennom sesongen.

Laget ditt kan ikkje innehalde meir enn tre spelarar frå same Eliteserie-lag. Før kvar runde får du moglegheita til å gjere endringar på laget: Det fyrste byte er kostnadsfritt, mens byter utover dette vil koste fire poeng frå den totale poengsummen du har samla. 

Dersom du verkeleg er i trøbbel, så har du to Wildcard til disposisjon i løpet av ein sesong, som gir deg mogelegheita til å gjere eit ubegrensa antal byter fram til komande serierunde.

Du får 100 millionar fiktive kroner til disposisjon for å plukke ut laget ditt. Spelarane er i utgangspunktet prissatt mellom 4 og 12,5 millionar kroner, blant anna ut frå forventningar til kor mange mål og målgivande pasningar de kjem til å levere i løpet av sesongen. Prissettinga er gjort i samråd med klubbane, Eurosport, VG og Toppfotballsenteret.

Det er Norsk Toppfotball, Discovery og VG som saman står bak Fantasy Eliteserien.

Skal lage Fantasy-program
Martin Sleipnes er kanskje landets største Fantasy-entusiast. Han er programleiar i Fantasy Premier League-podcasten FC Wildcard. Framover skal han også lage video-podcasten Fantasy FK for Eurosport, saman med fotballjournalist Vegard Vaagbø.

Martin Sleipnes og Vegard Vaagbø gleder seg til Eliteserien Fantasy
Les Sleipnes si fyrste sak om korleis du vel keeper her.

– Me skal lage fire episodar før sesongstart, der me går gjennom kvar lagdel og finn dei spelarane me meiner er best å ha på laget. Deretter kjem det ein ny episode mellom kvar onsdag mellom kvar serierunde, seier han.

– Med fotballekspertar og -trenarar satsar me på ein tung gjesteliste som kan bidra med gode vurderingar, seier Sleipnes, som meiner det er ein haug av spørsmål å stille på jakt etter dei riktige spelarane på ditt lag:

Kven tek staffer? Kven tek cornere? Kven tek frispark? Kva forsvarsspelarar spelar på gjerrige lag og kan innhente «clean sheets»? Kva spissar er det forventa at kjem til sjansar og scorar mål? Kva midtbanespelarar scce i form? Kva spelarar er utsette for skader, kva spelarar er utsette for rotasjon?

Annonse fra Obos-ligaen: