Spennande haustsesong for Sogndal Damelag

Møter Sandane på Kvåle i morgon klokka 19.00

Damelaget starta haustsesongen med eit 0-3 tap borte mot Kaupanger2 sist helg. Me hadde heva oss i frå vårkampen, men jentene i grønadrakti var for sterke.

I morgon er me i gong att på heimebane mot Sandane. Me slo til med ein solid opphenting i vårkampen, då heimelaget leia 3-0 etter halvtimen, men jentene våre reiste seg og vann 3-4. 

Her er nokre bilete frå den kampen (Foto: Stig Høynes, Haugen Fotball)

Ustabil vårsesong, med svak poengfangst i trass for mykje bra spel
Vårsesongen har vore veldig varierande, den endte ikkje heilt som me hadde håpa. Status etter halvspelt sesong seier 7.plass med 12 poeng og ein målskilnad på -5.

Me har gått på nokre marginale poengtap, i kampar der me eigentleg har vore solide. Spelet som laget har vist er bra og imponerande, med ein ung stall. Det som har vist seg som det største problemet har vore å avgjere kampane i vår favør, både i motstandar sin boks og i vår eigen.

Laget har til tider vist at dei kan spele veldig bra, der snuoperasjonane på bortebane mot Høyang og Sandane har peikt seg ut som dei mest positive. Sjølv om me har styrt spelet i fleire kampar, har det blitt vanskeleg å få relasjonane på plass, når det blir mykje rotasjon i troppen til kamp og posisjonar.

Sjølv om laget sine prestasjonar har variert, så er det fleire spelarar som har utvikla seg. Spelarar frå jentelaget har delteke på fleire kampar, dei har vist at Sogndal har ei lovande framtid. Ein ung spelartropp vil fort variere i prestasjonane, det er noko me ikkje kan unngå. Samtlege har levert ein strålande innsats på treningsfeltet og i kamp, framtida for Sogndal er lys.

Nye utskiftningar i sommar
Når spelarar forlet klubben, opnar det seg alltid ein moglegheit for dei andre til å vise at dei er gode nok og er klare for å bære laget vidare.

I sommar har me sagt farvel til nokre av dei rutinerte og trufaste. Marusia Sandor, Vilde Sofie Haveland Sleire, Dina Beate Lerum og Amalie Hatlevoll, har alle flytta vekk grunna skule eller jobb. Desse har levert strålande i sin periode for Sogndal, i gruppa og på bana. Lykke til vidare, me håpar å sjå dykk igjen!

Inn har me foreløpig fått to unge lovande jenter frå Syril. Dina Krosshaug (sentral midtbane) og Sara Felde Liljedal (Kant), dette er to spelarar som allereie har funne seg godt til rette. Me gleda oss til å få vist publikum kva som bur i desse.

Me vil også prøve å få inn nokre til, og jobbar med det kvar dag.

Førebudde på ein tøff haustsesong
Det blir ein tøff haustsesong for laget, med så mykje rutine ut. Me er førebudde til å kjempe for kvart einaste poeng og kjem ikkje til å gi oss før siste kamp er slutt. Det blir lagt ned mykje arbeid for å kunne glede publikum med vårt spel. Me har ein plan for spelet, og som tidlegare ynskjer me at spelet vårt skal vere utviklande for laget og kvar einskild, samstundes som det byr på underhaldning for publikum.

Me har også forankra eit endå tettare samarbeid med jentelaget, som me håpar vil slå positivt ut for begge lag i haust og i dei neste åra som kjem. Det vil jamt og trutt vere spelarar frå jentelaget som får moglegheita, både på trening og i kamp. Dei har tidlegare vist kva dei kan, og vil no få moglegheita til å vise seg fram ved fleire anledningar.

 

Annonse fra Obos-ligaen: