Sterk heimesiger!

Gutane slo til med målfest


Me har vunne 4-1 mot Kongsvinger i kveldens kamp på Fosshaugane Campus!

Måla våre vart skåra av Soltvedt, Schulze og to gonger Fredriksen.


Det starta altso ikkje so bra, då me kom under 0-1 tidleg i kampen, men gutane stod på og slo kraftig tilbake.

Første målskårar Joachim Soltvedt spelte ein god kamp og hadde mange gode forsøk, og nokre gode cornerar. Me snakka med ein glad målskårar etter kampen.



Tanksenter Ulrik Fredriksen slo til i dag med to skåringar, og den omskulerte spissen var i godt humør etter kampen.

Mathias Lønne Dyngeland hadde ein nokså roleg kamp i dag, og kunne lite gjera med skåringa.



Trenar Eirik Bakke var godt nøgd med gutane sine etter kampslutt.

No blir det restitusjonstrening i morgon, deretter er det fokus inn mot kampen neste helg, som er mot topplaget Notodden i Telemark.

Les om kampen i Sogn Avis

Kampreferat Firda Live

Annonse fra Obos-ligaen: