Sterk og rask spiss signert

Kristoffer Hoven er klar for Sogndal

Kristiansund BK og Sogndal Fotball er samde om ein overgang for Kristoffer Hoven (f. 10/8 1996).

Kristoffer Hoven og Sogndal Fotball har signert ein kontrakt som strekkjer seg ut sesongen 2021.

Kristoffer Hoven
Kristoffer Hoven

Kristoffer er storebroren til Andreas Hoven, som slutta seg til oss for nokre veker sidan, og som allereie har markert seg med å skåra to flotte mål i kvitedrakta. 

- Kristoffer er ein veldig bra spelar som me har fulgt med litt over tid. Han er ein kar som vil passa godt inn i gruppa her i Sogndal, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Den unge Konnerud-mannen starta fotballivet sitt med å sparke ball på "Sletta" på Konnerud, ein idrettsarena i Drammen som er mest kjent som World Cup-arena for langrenn. Strømsgodset TF fatta tidleg interesse for den høgreiste karen, og han skifta frå raud til blå trøye i 2010.

Vår nye spiss kjem frå ein aktiv familie som likar å halde seg i aktivitet.

- Eg er ein fysisk sterk spelar med eit godt auge for mål, seier Kristoffer, som med sine 193 cm vil ruva godt i boksen.

- Eg er god i boksen, og eg likar å trykke til litt i duellane, smiler den sympatiske guten frå Konnerud.

- Då eg var yngre dreiv eg med ein del friidrett, der sprint og lengde var favorittane. Eg dreiv óg litt med slalom om vinteren, fortel Kristoffer.

Flo er veldig glad for å ha sikra seg namnetrekket til Kristoffer.

- Dette er ein veldig spennande spelar med mykje kraft og eksplosiv hurtigheit. Me ser fram til å sjå han utvikle seg vidare som fotballspelar her hjå oss i Sogndal, seier Flo.

Hoven har vore ein del av Strømsgodset i ei årrekkje, og står med 2 A-lagskampar for laget frå Drammen. I 2017 og 2018 var han på lån til Hønefoss, der spelte han 43 kampar og skåra 31 mål.

Før sesongen 2019 vart han henta til Kristiansund, der han står med 9 kampar og 1 skåring.

Kristoffer fortel at han er ein relativt roleg og hyggeleg gut utanfor fotballbana. Han framstår som reflektert, og han seier at han er glad i å lesa bøker. Han har vore student i Drammen, der han har gått på lærarutdanning. Han ser ikkje vekk i frå at han tek opp att studiane her i Saftbygda.

- Eg gjekk 2,5 år på lærarutdanninga i Drammen, her ligg det til rette for at eg kan ta fatt att med studiane. 

Fotballen vil stå i fokus no framover. Kristoffer har veldig lyst til å rykka opp til Eliteserien med Sogndal.

- Eg har ambisjonar om å spele meg fast inn på laget, og gjera jobben med å skåra jamnt og trutt med mål.

På lengre sikt har han ein ambisjon om å få sjansen i ein større liga i Europa.

- Det dukka opp ein moglegheit til å henta Kristoffer hit til Sogndal, og den sjansen ville me ikkje la gå frå oss. Det er veldig kjekt at han er her, og me gler oss til nokre fine år i lag med denne flotte fotballspelaren, avsluttar Flo.

Velkomen til Saftbygda, Kristoffer!

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: