Sterk siger mot Tromsdalen

Karane vann fullt fortent 3-0 i Troms!

Det var aldri tvil om kven som ville ha dei tre poenga på kunstgraset i dalen bakom Ishavskatedralen i dag. Karane slo an tonen frå start, og kunne henta heim ein solid 3-0 siger etter skåringar av banens store spelar Eirik Schulze og Sigurd Haugen (2).

Sjå TV-bileta frå kampen


Les om kampen i Sogn Avis

Fleire av karane stod fram i dagens kamp. Mathias Dyngeland fekk eit nytt clean sheet og hadde kontroll på alt som kom. Foran seg hadde han ein firar som ikkje slapp vertene til og heilt framme ein Ulrik Flo som jobba som ein slave og ein målskårar Haugen som putta på nesten alle sjansane sine. 

Eirik Schulze har prikka inn storformen, han balanserte midtbana, sprang som ein helt, og var servitør av høg klasse. Verdt å nemna er jobben Ulrik Fredriksen gjer, og frispelinga til Soltvedt ved 3-0 målet var det klasse over.

IMG_1050
Stor kamp av denne sympatiske karen!

Me fekk også ein ny sogning med kampar for A-laget. Lillebror Fredriksen blir oftast sett på som ein bergensar, men han er sogning god som nokon. Han kom inn i sluttfasen av kampen, og fekk sine første minutt på A-laget. Gratulera med debuten, Jonas!

Les fyldig kampreferat på Firdaliven

Trenar Eirik Bakke takka gjengen som har reist land og strand rundt for å støtta karane gjennom heile sesongen i Sogn Avis. Tusen takk for at me har dykk med på laget!

Salbu og co 2
Me høyrte godt denne gjengen på TUIL Arena i dag! Tusen takk for støtta!

 

Runden
Dagens kampar gav oss berre eitt nytt svar: Våre vener frå Florø må diverre ta den tunge vegen ned. Dei måtte vinna i dag, men Terje Rognsø sine menn gjekk på eit tap borte mot Notodden.

Opprykket kunne avgjerast på Isachsen Stadion. Aalesund ville ikkje vera med på det, og slo til med storsiger mot Levanger, og i Nedre Eiker snudde alt seg i løpet av andre omgang. Bruntrøyene gjekk til pausepraten med leiing, men Bjarne Berntsen sine menn snudde kampen og slo brutalt tilbake.

I Bergen slo Espen Olsen til med ein vanvittig sterk 5-0 siger mot Åsane, og Strømmen er no heilt sikre på ny kontrakt neste år. Slik det såg ut i sommar, er dette ein veldig sterk prestasjon slik dei har framstått denne hausten.

Dagens kampar:
Mjøndalen - Viking 2-4
Aalesund - Levanger 4-0
Kongsvinger - Nest-Sotra 2-2
Notodden - Florø 2-1
Sandnes Ulf - HamKam 1-3
Tromsdalen - Sogndal 0-3
Ull/Kisa - Jerv 4-1
Åsane - Strømmen 0-5
Slik er tabellen etter runde 29 av OBOS-ligaen 2018

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 Sogndal Sogndal 4 2 2 0 6 3 3 8 U V U V
2 Kongsvinger Kongsvinger 4 2 2 0 8 6 2 8 V U U V
3 Levanger Levanger 4 2 1 1 9 4 5 7 U V V T
4 Egersund Egersund 3 2 1 0 10 7 3 7 V U V
5 Stabæk Stabæk 3 2 1 0 5 2 3 7 U V V
6 Bryne Bryne 4 2 0 2 4 3 1 6 V T T V
7 Moss Moss 4 2 0 2 5 7 -2 6 V T V T
8 Lyn Lyn 4 1 2 1 5 5 0 5 T U V U
9 Vålerenga Vålerenga 4 1 2 1 5 6 -1 5 U V T U
10 Ranheim TF Ranheim TF 4 1 1 2 7 7 0 4 T V T U
11 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 4 1 1 2 7 8 -1 4 T T V U
12 Aalesund Aalesund 4 1 1 2 5 8 -3 4 U V T T
13 Åsane Åsane 3 0 3 0 5 5 0 3 U U U
14 Mjøndalen Mjøndalen 3 0 2 1 3 5 -2 2 U T U
15 Start Start 4 0 2 2 4 8 -4 2 T T U U
16 Raufoss Raufoss 4 0 1 3 2 6 -4 1 U T T T

På sundag møter me eit Notodden som har alt å spela for på Fosshaugane Campus. Me håpar at mange kjem og støttar våre gutar i den kampen, slik at me kan gå inn i den lille pausen før kvalikkampane med ei god kjensle. Kjøp billetten din til den kampen her.

Annonse fra Obos-ligaen: