Sterkt resultat i Sverige

Det vart 0-0 mot fjorårets vinnar av Skandinavisk Meisterskap

Det vart 0-0 mot FC Midtjylland i vår første kamp av Skandinavisk Meisterskap, som går av stabelen i Gøteborg denne helga.

Våre gutar leverte ein særs god førsteomgang, der me hadde tre ballar som smalt i metallet bak keeperen til danskane. I tillegg hadde me mange andre gode moglegheiter, og det hadde vore fortent om me gjekk til kvilen med ei leiing.

Etter pause kom danskane meir med i kampen, men Kristian Rutlin bakerst hadde grei kontroll på det som kom.

Etter 90 spelte minutt, stod straffekonk for tur. Våre gutar skåra på dei fire første, men keeper fekk ei hand på den femte og redda. Danskane netta sikkert på alle sine fem. Straffekonken er for å skilja laga om laga ligg heilt likt på tabellen ved ferdig gruppespel.

Sogndal stilte med dette laget:

Kristian Rutlin - Eivind Helgesen, Adrian Solberg, Fabian Rimestad, Eirik Lereng - Torje Naustdal, Sivert Mannsverk, Eirik Stokkenes - Anders J. Nord, Akor J. Adams, Mathias Sundberg

Benken: Fartein Bøyum, Kristian Knutsen Berg, Johan Svedal Flo, Tobias Klepp, Elias Mittet, Nikolai Aas, Mikkel Erlandsen.

Gruppe A sine kampar i dag:
BK Häcken – Mjöndalen 3-1
Sogndal – Midtjylland 0-0

BK Häcken 3p
FC Midtjylland 1p
Sogndal 1p
Mjöndalen 0p
 

På søndag møter me Mjøndalen klokka 09.30.

Stao pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: