Stoggaren Steiring

Ein glad gut som spelar fotball med hjarta utanpå. Mykje engasjement og "passion" på bana. Meir om nordlendingen her:

Per Magnus kjem frå ein liten plass, Valnesfjord, og det var her karriera byrja. Her spela han barnefotball i tre år. Vidare gjekk han til det største lokale laget i området som heiter Fauske Sprint, og som hadde eit A-lag i tredjedivisjon. Spelte der i to-tre år. Fekk speletid på A-laget og spelte der frå fjortenårsalder. Han fekk ein full sesong i denne divisjonen før ferda gjekk vidare via sonesamlingar og kretslagssamlingar. 


Vart også med på landslagssamling i denne perioden. Prestasjonane vart lagt merke til av Trond Henriksen frå Rosenborg. Difor vart han invitert med på trening med Rosenborg sitt juniorlag. Det takka han ikkje nei til! Dette førte til ei kontrakt over tre år med akademiet deira i U19-gruppa. Gjorde det høveleg bra og haldt fram med landslag. Det vart A-lagskontrakt med Rosenborg og deretter rett ut på utlån til Viking. Etter dette venta Sogndal for trønderen.

Kva tykkjer du om Sogndal?


Det er jo ei lita, men veldig kosleg bygd. Flotte moglegheiter til å utvikla seg her. Det er ikkje så mykje anna å fokusere på enn fotball. Difor får ein tid og ro til å bli ein betre fotballspelar. Det passar meg utmerket!, seier Steiring. Eg syns det er ein kjempeplass å vera når målet er å utvikla seg som fotballspelar

Per-Magnus Steiring RosenborgH 2017 Foto - Toril Walker Norheim
Per Magnus ruvar høgt. Her i kamp mot Rosenborg. Foto: Toril Walker Norheim

Har du hatt nokre mål for sesongen?


Ja, målet mitt før sesongen var å få smak på eliteserien fyrst og fremst. Få ein fire/fem matchar kanskje. Grunna mykje skadetrøbbel i stallen har det i staden blitt fast plass og 15 kampar. Eg er godt nøgd med sesongen så langt, har fått mykje speletid. Skal ta vare på dei sjansane eg får.

Det ryktast at du er litt hissig på bana...?

Mykje «passion». Er frå nord veit du, og då bur det litt temperament inni oss. Ein av mine styrker er at eg spelar med hjarta utanpå. Å kasta seg litt inn i duellar, kjefta litt på dommaren, bli litt hissig; det er litt av min spelestil.

Per-Magnus Steiring AalesundH 2017 Foto - Toril Walker Norheim
Glad for siger! Foto: Toril Walker Norheim

Har du hatt nokre fotballheltar opp gjennom åra?

Ja, det har eg hatt, seier Per Magnus. Var stor fan av Bodø/Glimt sitt A-lag når eg var yngre. Det var mine heltar utpå der. Eg var ofte på Aspmyra og såg kampar i yngre dagar. Elles har det vore litt større heltar som Giorgio Chiellini, midtstoppar på Juventus, litt same type som meg på bana.

Korleis er du som person utanfor bana?


Utanfor bana er eg ikkje like hissig. Er ganske roleg, omtenksam og tek vare på lagkameratar. Det er viktig å ta godt i mot nye spelar og inkludere dei i gruppa. Alt i alt prøver eg å vera ein triveleg gut, avsluttar Steiring.

Per Magnus Steiring

  • Alder: 20

  • Vaks opp: Fauske i Nordland

  • Kampar for Sogndal: 15

  • Posisjon: Forsvar

  • Draktnummer: 15

Annonse fra Obos-ligaen: