Strålande fotballhelg

God poengfangst for alle Sogndal-laga

Det har vore ein særs god helg for fotballen i Sogndal kommune.

Om ein raust startar helga på torsdags kvelden, drog Sogndal Damelag til med ein solid opphenting på Sandane. Heimelaget var i føringa med 3-0, men damene til Brede Nymark slo tilbake til sluttresultatet 3-4. Sogndal sine mål vart skåra av  Elin M. Stensrud, Amalie Hauglund og Trude Kveane (2).

sogndal5D2A2955
Snuoperasjonen er i gong! Elin Stensrud vert gratulert av Aisha Frøiland og Amalie Hauglund, kaptein Irene Steig kjem for å vera med på feiringa. (Foto: Stig Høynes)

På fredag hadde Ørjan Hjellaug sitt Kaupanger sin første kamp for sesongen, og borte mot Skavøypollen i 4. divisjon tok dei sin første siger der oppe nokonsinne. Heimelaget kom i føringa, men Severin Halland (2) og Kristian Hauståker stod for skåringane då Kaupanger vann 3-1.

Kaupanger sitt damelag måtte ut på ein lang reise då dei laurdag møtte Bossekopp i Alta. Som herrelaget kom dei under, men damene i grønadrakti snudde kampen og vann 1. divisjonsoppgjeret med sluttresultatet 1-3. Miriam Vilnes Mjåseth skåra to og Ylinn Tennebø eitt, og dei er solangt ubesigra i årets sesong.

Fjøra var so nære ved å detonera ei skikkeleg cupbombe på onsdag at ein ikkje kjem nærare. Florø drog i land ein heldig siger, men gutane til Knut Almås rista det av seg og var klare til kamp mot Tornado Maløy allereie laurdag. Stillinga var lenge 0-0, men i det 75 minuttet fekk heimelaget den første skåringa av tre ved Espen Ouzen. Morten Knutsen og Malvin Gjerde teikna seg også på skåringslista, og det vart 3-1 på Fosshaugane Campus.

I Vik tok dei i mot Studentspretten, og det låg lenge an til heimesiger. Studentane ved Delegue Lukungu skåra fem minutt på overtid og tok med seg eit sterkt poeng heimatt til Sogndal.

Damelaget til Studentspretten tok i mot Jotun til kamp i 3. divisjon på sundag, og slo årdølene med 2-0 etter skåringar av Johanna S. Dregelid og Kristin Solås. 

På Fosshaugane tok me i mot Kongsvinger i årets andre heimekamp, og gjestene tok tidleg leiinga. Anført av ein god Joachim Soltvedt snudde me kampen til 4-1 siger etter mål av Sol, Eirik Schulze og Ulrik Fredriksen. Sistnemnte tanksenter skåra to gonger.

IMG_1142
Flott heading og aukning til 3-1 på Fosshaugane. Målskårar fredriksen gratulerast av Stanisa Mandic og Eirik Schulze (Foto: Rune Sjøberg)

I går avslutta Sogndal 2 denne flotte fotballhelga med 5-4 mot Brann 2. Gutane våre starta forrykande og var i leiinga med 4-0 før pause. Etter kvilen slapp dei seg litt nedpå, og det var nok til at Brann kom meir med i kampen. Bergensarane skåra det eine målet etter det andre, og det vart faktisk spenning mot slutten. Eit forsterka Sogndal 2 klarte å stå i mot, og måla våre vart skåra av Lars Christian Kjemhus, Ulrik Flo, Anders Nord, Johan Hove og Sigurd Haugen. Sjå også kampreferat på Lurifax Support

30419969_10156489773378678_1049836968352368341_o
Erlend Grov var frisk på venstrebacken mot Brann. Johan Hove spelte heile kampen og Mathias Sundberg kom inn i 2. omgang (Foto. Rune Sjøberg)
Annonse fra Obos-ligaen: