Samarbeid med Studentspretten Fotball

Studentspretten Fotball får Kvåle Stadion som si heimebane frå 2018.

Sogndal Fotball og Studentspretten Fotball er samde om ei samarbeidsavtale som strekkjer seg ut 2018. På lik linje med Fjøra Fotballklubb har Studentspretten no inngått ei stor avtale på leige av areal. Dette dreier seg i all hovudsak om bruk av Sognahallen i vinterperiodane og Kvåle Stadion.

Annonse:
- Det er viktig for Sogndal Fotball å ha eit godt samarbeid med Høgskulen på Vestlandet på alle plan, og då er det flott at me får på plass ei god avtale med Studentspretten Fotball, fortel Yngve Hallèn, dagleg leiar i Sogndal Fotball.

- Me ynskjer at det skal vere fleire ulike aktivitetstilbod til studentane i bygda. Mange kjem hit for å stå på ski, klatre og nytte seg av den flotte naturen. Det er flott at me no og kan tilby eit godt fotballtilbod for studentane, seier Hallèn.

Kvåle Stadion blir ny heimebane
- Studentspretten har ikkje hatt nokon fast heimebane eller opphaldsareal dei siste åra, og me er særs nøgde med å endelig få dette på plass ein slik avtale. Eit samarbeid med Sogndal Fotball vil hjelpe oss i å bygge den kulturen me ynskjer, samt at no får me endeleg ein plass me kan kalle heime, seier Christoffer Honningsvåg, leiar i Studentspretten Fotball.

- Kvåle Stadion er ein arena me veit har mange stolte fotballaugeblikk, noko me og håper å kunne skape i framtida. Me har opplevd ein god sportsleg suksess dei siste åra, og no ligg rammene til rette for at suksessen kan halde fram, seier Honningsvåg.

Biletes: Yngve Hallèn, Hilde Østbø, og Christoffer Honningsvåg.
Foto: Rune Sjøberg. 

Annonse fra Obos-ligaen: