Surt tap i Moldova

Karane fekk ein leksjon i kynisme

Det vart 2-0 til FC Sheriff i kveldens kamp i Tiraspol. Stillinga til pause var 1-0.

Karane fekk litt av ein leksjon i kynisk fotball i Europa i dag. Det var filming og oppkonstruerte situasjonar i fleng, og me kunne fort fått med oss noko her nede om me hadde vore litt skarpare.

Me snakka med trenar Nils Tore Krosshaug etter kampen, noko Sogn Avis også gjorde.



Mathias Sundberg fortel til Sogn Avis at han er skuffa over resultatet, men at det blir revansje på Fosshaugane i returmøtet

Tusen takk til Stig og Lise som kom heile vegen og laga liv for gutane våre her i Tiraspol!
 

Les om kampen i Sogn Avis

Den 27. november går returkampen heime. Då skal FC Sheriff få smaka på eit Fosshaugane som kan vera bitande, og med hjelp av vår tolvte mann, skal me ta dei. Europaeventyret er ikkje over, me e' med!

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: