Surt tap i Skien

Kom bakpå frå start, reiste seg og hadde fortent poeng mot Odd

Det vart 2-1 til Odd i solskinet på Skagerak Arena i dagens kamp.

Her er høgdepunkta frå kampen.


Me fekk ein frykteleg start på kampen. Allereie i det andre minuttet smatt Odd igjennom og Broberg skåra sikkert 1-0.

Etter 25 minutt vart det straffe til Odd. Den skåra Samuelsen på, og det såg ut til å bli ein trist aften i Telemark for sogndølene som hadde tatt turen.

Odd hadde store rom og me fekk ikkje satt inn godt nok press. Ei formasjonsendring var difor det rette å gjera, og før halvtimen var spelt vart Ulrik Fredriksen bytta ut til fordel for debutant Markus Brændsrød.

Me la om til 4-4-2, med Brændsrød på topp i lag med Martin Ramsland.

Bytet gav umiddelbar effekt.

- Eg er stolt over gutta i dag, sa Eirik Bakke etter kampslutt.

- Måten alle reiste seg etter den dårlege starten fortel meg at denne gjengen kjem til å ta mange poeng utover hausten. 

Sjefen var likevel ikkje heilt nøgd med innsatsen.

- Den eg er mest skuffa over, er meg sjølv. Me bomma med kamplanen, og noko måtte gjerast. Måten karane responderte på var flott å sjå. Me var gode i dei siste seksti minutta av kampen.

I det 32. minuttet var det pingpong inne i feltet til Odd med 3-4 skudd mot Rossbach på under ti sekund. Nærast var Eirik Schulze som banka ballen i stanga.

Rett før pause var Samuelsen nær ved å avgjere kampen heilt då han smelte til frå langt hald. Ballen traff tverrleggjaren, og omgangen ebba ut med leiing til heimelaget.

Bakke og kompani gjorde sitt andre byte for dagen i kvilen, då debutant Ole Martin Rindarøy gjekk av. Inn kom Victor Grodås. Ole Martin fekk ein liten kjenning, og måtte gå ut.

- Victor kom inn og viste at han er på gang, seier Eirik.

Me var meir med etter kvilen. Chidi banka laus eit langskot etter 52 minutt, og like etter var Brændsrød fint framme. 

I det 78. minuttet fekk me ein debutant til på bana, då Chidi gjekk av til fordel for Joachim Soltvedt. Då tok kampen óg fyr. Ein veldig god Taijo Teniste kasta eit av sine lange kast, inne i feltet var Eirik Schulze fast bestemt på at ballen skulle i nota. 2-1 og fornya håp.

Me fekk no eit veldig trøkk på Odd, og produserte ein del framover. Nærast var Per Magnus Steiring etter flott innlegg frå Taijo. Han heada ballen i tverrstanga med stor kraft.

Det var høg temperatur og dramatisk mot slutten av kampen. Karane ville ha med seg poeng, men heimelaget stod i mot slik at det vart 2-1 til heimelaget.

- Me hadde fire debutantar på bana i dag som alle gjorde sakene sine positivt, seier Eirik. 

- Dei andre gutane gjorde også ein god jobb, men me må vera meir på frå start. Denne gong var det kampplanen som ikkje stemte, gutane svarte umiddelbart då me la om formasjonen.

Trenaren vår er tydeleg på at han ikkje likar å tapa fotballkampar, men det er ulike måtar å tapa på. I kveld kunne me ta med oss mykje positivt på bussen heim.

- Me kunne fort fått med oss noko heimatt i form av poeng. Odd er i god kampform, og eg er som sagt stolt over innsatsen til gutane mine i dag, avsluttar Eirik Bakke.

No skal gutane overnatte i Skien. I morgon er det restitusjonstrening før bussturen heim, og på tysdag er det trening med fokus inn mot kampen mot Sandefjord på fredag.

(Foto: Wantana Thierney)

Annonse fra Obos-ligaen: