Taijo til Brann

Teniste blir Brann-spelar etter årets sesong

Taijo Teniste og Brann er samde om ein tre-årig avtale i som startar 1/1 2018. Estlendaren vår gjer då bergensar av seg.

Taijo har vore ein av våre aller beste sidan han kom inn i laget i 2011. Taijo er tvers gjennom profesjonell, og det komande klubbskiftet kjem ikkje til å påverke hans fokus resten av tida her i Sogndal.

Me gratulerer Taijo med den nye kontrakten, og ser fram til nok ein solid haustsesong av den trufaste høgrebacken vår.

Annonse fra Obos-ligaen: