Takk for innsatsen!

Martin Ramsland har reist frå Sogndal

I mars vart det kjent at Martin Ramsland hadde takka ja til eit tilbod frå IK Start, og at han med det skulle reisa heim til Sørlandet etter vårsesongen.

Martin har no spelt sin siste kamp for oss, og har allereie reist til Kristiansand. Han er imidlertid ikkje speleklar for den gule trøya før 1. august, me kan ikkje ynskje han velkomen til Fosshaugane før eventuelt til neste år.

Martin spelte 70 kampar i kvitetrøya, og lysluggen noterte seg for 15 nettkjenningar.

Me vil takka Martin for innsatsen gjennom dei åra han har vore hjå oss, og ynskjer han mykje lukke til vidare.

Annonse fra Obos-ligaen: