Tap mot Åsane
Skjeldestad ikkje uroa
Med trenar Eirik Bakke vekkreist, var det parhestane Skjeldestad og Bøe som styrte skuta i dagens treningskamp mot Åsane.
Bergensarane vann 2-0, etter å ha skåra mål i kvar omgang.
Me mønstra dette laget:
Tarjei Omenås - Magnus Pedersen, Bjørn Inge Utvik, Per-Magnus Steiring, Victor Grodås - Edin Øy, Eirik Birkelund, Simen Brekkhus, Tomas Totland - Bendik Bye, Ole Amund Sveen
På benken hadde me Mathias Dyngeland, Ulrik Fredriksen, Andreas Lerheim Olsen, Eivind Helgesen, Andreas Flåten. Alle spelarane fekk speletid.
Les meir om kampen i Sogn Avis
Sjå kva som skjedde på Firda si live-dekning
No skal gutta ha litt fri før det brakar laus att med treningsleir i Spania. Der skal me ut i to tøffe treningskampar.
Foto: Morten Sortland, Sogn Avis