Tap mot Flora Tallin

Trenar Eirik Bakke var ikkje fornøgd etter at det vart 0-2 på Fosshaugane i dag

Det vart 0-2 mot Flora Tallin frå Estland i dagens treningskamp. Stillinga til pause var 0-0.

Etter to positive kampar i Spania der ein hadde bra trøkk i spelet, var det noko litt seigt og treigt over karane i dag. 

- Me må opp fleire hakk og har ein god jobb å gjera fram mot seriestart, sa trenar Eirik Bakke etter kampen.


Les om kampen i Sogn Avis

Martin Ramsland fekk ein halv time på Fosshaugane i dag, og sørlendingen var ein av dei som bidrog med litt trøkk då han kom på.


Hallo Sogn var på plass og sendte kampen direkte på Sogn Avis. Sjå kampen i opptak her.

Dette var den siste kampen her heime før det heile brakar laust i slutten av mars med første serierunde mot Sandnes Ulf. No skal me trena godt fram til fredag. Då er det ny treningskamp, denne gong mot Aalesund på Color Line Stadion. Deretter er det kamp mot Åsane i Bergen før avreise til Marbella på den spanske solkysten.

Kampfakta:
Sogndal Fotball - FC Flora Tallinn 0-2 (0-0)
Domar: Tommy Skjerven, Kaupanger IL
Mål: 0-1 46. min, 0-2 90. min. 

Me spelte med dette mannskapet: Kjetil Haug (Kristian Rutlin frå 46. min), Eirik Birkelund, Per Magnus Steiring (Eirik Lereng frå 75. min), Stefan Antonijevic, Tomas Totland (Eivind Helgesen frå 70. min), Sixten Jensen (Mathias Sundberg frå 75. min), Eirik Schulze (Sivert Mannsverk frå 60. min), Ulrik Fredriksen, Joachim Soltvedt, Akor Jerome Adams (Markus Brændsrød frå 60. min), Sigurd Haugen (Martin Ramsland frå 60. min)

Kjøp ditt sesongkort her.

Annonse fra Obos-ligaen: