Tap mot Lillestrøm

Gutane fekk det tøft på Romerike

Me gjekk på ein smell mot Lillestrøm i treningskampen i går. Karane våre var ikkje heilt med på notene, og Lillestrøm gav seg ikkje før det låg fire ballar i kassa bak Tarjei Omenås i buret

Les kampreferat i Sogn Avis

Laget kom heim frå Marbella onsdag kveld, og det kunne sjå ut som om treningsleiren med to tøffe kampar mot god motstand låg i beina på gutta. Etter spel og sjansar var likevel resultatet godt i overkant for heimelaget.

Me stilte med dette mannskapet:
Tarjei Aase Omenås - Taijo Teniste, Per Magnus Steiring, Christophe Psyché, Victor Grodås - Gilbert Koomson, Eirik Birkelund, Chidibere Nwalaki, Eirik Schulze - Martin Ramsland, Henrik Furebotn

På benken hadde me:
Mathias Dyngeland, Eirik Skaasheim, Magnus Pedersen, Tomas Totland, Vegard Leikvoll Moberg, Ulrik Fredriksen, Simen Brekkhus, Edin Øy, Fredrik Flo og Bendik Bye.

Alle utanom Mathias fekk speletid.

Neste treningskamp er mot Hødd. Då er me på Fosshaugane Campus. Kampen går tysdag 14/3 klokka 18.00. Gratis inngang og enkel kiosk. 

Annonse: