Tap mot serieleiaren

Det vart 2-3 på Fosshaugane mot Aalesund

Det vart tap mot serieleiaren då me barka i hop mot Aalesund på Fosshaugane. 

Me spelte ein veldig god første omgang, der me produserte fleire sjansar og viste godt spel. Allereie etter åtte minutt kom em i føringa etter at Sixten Jensen fann Tomas Totland. Tomas ekspederte ballen kontant i mål.

Etter kvilen måtte Eirik Lereng ut etter eit slag i hovudet, slik at det måtte omrokkerast litt. Dette gjorde at AaFK fekk meir sting over spelet sitt, og dei utlikna like etter. Ulrik Flo hadde ei heading i stanga på 1-1, men gjestene skåra to mål til før Akor reduserte rett før slutt, slik at det vart 2-3 i vestlandsderbyet.


Annonse fra Obos-ligaen: