Tarjei har forlenga

Keeper Omenås har skrive ny kontrakt

Sogndal Fotball og Tarjei Aase Omenås er samde om ein ny avtale. Tarjei blir i Sogndal ut 2018 sesongen.

- Tarjei har hatt ein fin utvikling her hjå oss, og me er veldig glade for at han blir med oss vidare, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

25-åringen frå Ålesund har blitt ein fin del av gruppa, og ein som bidreg sosialt. Han er kjapp i replikken og har alltid eit godt smil på lur.

- Eg er veldig glad for å ha skrive ny kontrakt med klubben, då eg har veldig tru på det Bakke og kompani driv med. Eg har det veldig bra her i Sogndal, det er lett å trivast her, fortel Tarjei.

Tarjei Aase Omenås trening 2017 (1)

I årets sesong har ikkje Tarjei sluppe til mykje mellom stengene når det er spel om poeng. I cupen spelte han mot Fjøra og Raufoss.

- Som keeper er ein anten 1. val eller utfordrar. Eg var klar over at eg kom inn som utfordrar til Mathias Dyngeland, som er ein av dei beste keeperane i Eliteserien. Det gjeld å vera tolmodig, og ikkje minst 100 prosent klar når sjansen byr seg, seier Tarjei, som har gode ting å seie om keepergruppa.

- Me har to gode trenarar i Terje og Vegard Skjeldestad. Mathias, Kristian Rutlind og eg pushar kvarandre. Me er eit god team, og eg er mykje betre trent no enn før eg kom til Sogndal.

Tarjei Aase Omenås Trening 2017 (3)

Ambisjonsnivået til Tarjei er høgt.

- Målet er å bli førstekeeper i Eliteserien og få spele fast der. Om det blir i Sogndal eller ein annan klubb vil tida vise, og for å nå det målet må eg berre stå på og trena hardt, avsluttar Tarjei Aase Omenås.

Me gleder oss til å ha med Tarjei vidare!

Annonse fra Obos-ligaen: