Terje Rognsø gir seg i Sogndal Fotball

Terje Rognsø har diverre valt å trekke seg frå stillinga som dagleg leiar i Sogndal Fotball

– Terje Rognsø har diverre valt å trekke seg frå stillinga som dagleg leiar i Sogndal Fotball. Me har hatt god dialog heile vegen, men det er eit kjedeleg utfall i ein tung omstillingsprosess, stadfestar styreleiar i Sogndal Fotball Tor Arne Ness.

– Terje har utfordra klubben på mange område slik me håpa på, samstundes har han fått ein del vanskelege utfordringar i fanget denne perioden. Klubben er i ein krevjande økonomisk situasjon, noko som gjer omstillinga meir utfordrande enn førespegla. Styret og dagleg leiar har jobba tett i lag i denne prosessen, og på mange område er me einige om grep som må gjerast. Me hadde håpa at Terje ville styre denne omstillinga vidare, men me må respektere at det er ulike syn på kva grep som skal prioriterast. Terje har vore open og løysingsorientert heile vegen, og me takkar han for tida i klubben.

Terje Rognsø gir følgjande kommentar:

– Eg vil takke styret, tilsette, supporterar og folk i Sogndal for tida i klubben. Eg har blitt teken imot på ein god måte, noko som eg set ekstremt stor pris på, seier Rognsø.

– Omstillingsprosessen i klubben er krevjande. Jobben har vore å leie denne prosessen, og finne ut korleis Sogndal skal sjå ut i framtida.

- Her har styret og underteikna jobba godt saman. Undervegs kjem ein til vanskelege val, og sjølv om me er samde i mykje, så er det stor avstand på nokre felt. Det er styret som til slutt bestemmer. Det vil alltid vere vanskeleg når dette skjer, men klubben har fått satt eit heilt nødvendig fokus på prosess, så blir det andre som får ta utviklinga vidare. Lukke til vidare, SNP!

Kontakt:
Tor Arne Ness, styreleiar Sogndal Fotball
Mob: 908 39 860 

Annonse fra Obos-ligaen: