Tøft møte i Drammen

Gutane gjekk på ein ny smell

Det er to veker til seriestart, og Eirik Bakke og kompani har ein del å jobba med etter at det vart 0-5 mot Strømsgodset i Drammen i dagens treningskamp på Gamle Gress.

- Dette er ikkje oss. Me må få på plass muren, so skal dette bli betre, sa trenar Eirik Bakke etter kampen.


Det var Sogndal som starta kampen best, og me hadde nokre småfarlege sjansar før me smalt ein ball i tverrleggjaren bak Espen Bugge Pettersen i Godset sitt mål. Då var kampen snautt 20 minutt gamal, og då vakna heimelaget.

Resten av kampen vart det rufsete og tungt for våre gutar. Samstundes leika Godset seg fram til ein siger som fort kunne ha vore større enn 5-0.

Mathias Dyngeland kunne lite gjera med skåringane, og sisteskansen vår hadde eit par kvalifiserte redningar.

- Me må ta tak, og me skal løysa dette i lag. Det bur mykje i desse gutane, me må berre få snudd dette slik at dei får det ut i kamp, sa sportsleg leiar Håvard Flo etter kampen.

Me starta med dette laget:

Mathias Dyngeland - Taijo Teniste, Orri Omarsson, Christophe Psyche, Victor Grodås - Gilbert Koomson, Eirik Birkelund, Chidibere Nwalaki, Eirik Schulze, Ole Amund Sveen og Martin Ramsland.

Benken: Tarjei Omenås, Eirik Skaasheim, Per Magnus Steiring, Simen Brekkhus, Bendik Bye, Henrik Furebotn.

No har gutane fri i morgon, og so ventar ei ny treningsveke før me tek turen til Bergen neste helg. Då møter me Brann i Vestlandshallen.

Annonse fra Obos-ligaen: