Klar for sitt endelege gjennombrot

Sogndal: Tomas Totland (19) meiner Sogndal Fotball er den perfekte plassen å utvikla seg vidare.

Tekst: Morten Sortland - Foto: Rune Sjøberg
Artikkelen er publisert i Stao no pao magasinet som er eit samarbeid med Sogn Avis.

– Målet mitt er å spela meg til ein fast plass på laget, men det er mange andre gode spelarar i Sogndal og ein tøff kamp om plassane. Så eg må berre gripa sjansen når eg får moglegheiter, seier lysluggen, som vart henta til Sogndal etter å ha vore på fleire referanseopphald i 2016.  

Vinteren 2017 vart den dedikerte backen løna med ein treårskontrakt, før han vart leigd tilbake til moderklubben sånn at han kunne fullføra skuleåret i Bergen og spela fast i 2. divisjon.

– Eg kom tilbake til Sogndal med kyssesjuka og sleit mykje med skadar på hausten. Så i vinter har det handla om å få kroppen i gang att, seier 19-åringen, som fekk sin debut frå start borte mot Mjøndalen i april i år. Tomas takka trenar Eirik Bakke for tilliten og leverte varene på Isachsen stadion. 

– Eg er glad eg fekk moglegheita sopass tidleg i sesongen. Det var ei god oppleving å få starta mot Mjøndalen. Eg har spelt fast i fleire sesongar i 2. divisjon for Fana, så hoppet til 1. divisjon var ikkje så stort, seier han.

Såg opp til broren
Tomas vaks opp berre eit steinkast frå Nesttun idrettspark i Bergen. Saman med storebror Mattias brukte dei tusenvis av timar på løkka, og allereie som 15-åring fekk Tomas sin debut i 2. divisjon. 

– Det var fotball i friminutta og rett etter skuleslutt kvar dag. 

Storebroren var det store førebilete på fotballbana. Han var sett på som ein av dei aller største fotballtalenta i byen mellom dei sju fjell, og i 2014 vart Mattias henta til Vålerenga.

– Eg har alltid sett opp til Mattias. Han reiste til Oslo då han var 16 år gamal, men han er no tilbake i Fana etter eit skadeplaga opphald.

Dei to brørne har pusha kvarandre gjennom heile oppveksten og Tomas kan fortelja om tallause timar på fotballbana med storebroren. I sine yngre dagar spelte Tomas sentral midtbane, akkurat slik som Mattias. Men då Tomas vart teken ut på kretslaget vart han plassert på backen – med stor suksess.  

– Eg trivst i backrolla og kan spela både på venstre og høgresida. Styrken min er at eg er god både offensivt og defensivt. Eg har god teknikk og er god med begge beina, seier Tomas, som også har tre landskampar på G18 å sjå tilbake på.

Håpar på EM-plass
Nyleg vart han teken ut i troppen til G19-landslaget som sikra ein EM-plass på overtid etter ein dramatisk avslutningskamp mot Skottland i eliterunden i mars. Denne kampen var dessverre ikkje Tomas med, men oppkøyringa til meisterskapen i juli er allereie i gang og Tomas var på plass då landslaget hadde treningsopphald og kamp mot Strømsgodset i starten av juni månad.

– Eg har eit håp om at eg skal få plass i EM-troppen som skal til Finland og eg trur det er store sjansar for at eg får bli med når den endelege troppen blir teken ut.

Mange bergensarar
Fana-produktet har teke nye steg i Sogndal, og Tomas er langt frå den einaste bergensaren som har kledd seg i den kvite og svarte Sogndal-trøya dei siste åra. Mellom anna har klubben fått til eit fruktbart samarbeid med Fana. Tomas har i likskap med Mathias Dyngeland og Lars Christian Kjemhus sparka fotball på Nesttun før dei kom til Fosshaugane. Eirik Birkelund og Ulrik Fredriksen er to andre som har funne vegen til Sogn frå Bergen, medan Petter Strand, som no spelar for Molde, var innom Sogndal før han vart henta til Aker Stadion.

– Eg tykkjer at det er kjekt med litt bergensarar i Sogndal. Eg kjente både Mathias og Lars Christian litt frå før. Ulrik Fredriksen har eg kjent lenge. Me spelte saman på kretslaget i Hordaland, seier Tomas, som meiner Sogndal Fotball er ein bra klubb å utvikla seg i. 

Flugefiske
– Eg trivst veldig godt både på og utanfor bana. Det er eit veldig stille og roleg miljø her og eg kan fokusera fullt på fotballen. 

Han er no i ferd med å avslutta tredje året på vidaregåande og på fritida går det mykje i flugefiske, kan han fortelja.

– I likskap med Birkelund og Dyngeland så har eg også blitt interessert. Dei to fiskar rundt om i elvene i området her ofte, men eg har ikkje fått så mykje tid til å bli med enda. Eg skal slenga meg på dei når eg er ferdig med skulen.

Tomas Totalnd_2
– Eg trivst veldig godt både på og utanfor bana.

Sjølv hadde Tomas sitt første møte med saftbygda då han deltok på Lerum Cup for ein del år tilbake. 

– Me kom til kvartfinalen med Fana, hugsar eg. Det var kjempeartig å vera på Lerum Cup. Det var sånt ein gledde seg til då ein var ung; nemleg å reisa rundt på fotballcupar med laget sitt.

Fakta

  • Namn: Tomas Totland

  • Fødselsdato: 28. september 1999

  • Høgde: 180

  • Vekst: 74

  • Frå: Bergen

  • Posisjon: Back

  • Tidlegare klubbar: Fana

Annonse fra Obos-ligaen: