Totland har forlenga

Den talentfulle landslagsspelaren blir på Fosshaugane dei neste åra

Sogndal Fotball og Tomas Olai Totland er samde om ein avtale som strekkjer seg ut sesongen 2021.

- Dette er ein god og viktig resignering på ein svolten gut som har gått gradene her hjå oss, seier ein glad sportsleg leiar, Håvard Flo.

Tomas Totland står så langt med 16 kampar for Sogndal 2, 29 kampar for A-laget, og han var sterkt delaktig på den eventyrlege oppturen G19-laget vårt stod for i fjor som enda med både Norgesmeisterskap og Skandinavisk Meisterskap. Tomas spelte 4 viktige kampar for dette laget.

Han har spelt 7 kampar med det norske flagget på brystet, sist no under VM.

- Tomas er inne i landslag og er i ferd med å spele seg til fast plass på A-laget hjå oss. Han er ein veldig spennande spelar med gode haldningar på og utanfor bana, seier Flo.

- Eg er veldig glad i Sogndal, og har funne meg godt til rette her i bygda, seier Tomas, som ikkje kjem utanom NM finalen når me ber han sjå tilbake på kjekke hendingar her.

- Det å vinna NM og Skandinavisk med G19 var stort, seier Tomas.

- Tomas er ein spelar som kan nå langt, både utviklings- og karrieremessig. Han er ein bra gut, avsluttar Håvard Flo.

Me ser fram med mange kjekke stunder i lag med Tomas Totland!

Annonse fra Obos-ligaen: