Treningsleir til England

Merseyside (England): G16 gutane bruker haustferien på treningsleir

I fjor var fyrste året Sogndal reiste med eit reint gutelag på treningsleir til England. I år er det fire spelarar frå Sogndal som reiser saman med Voss sitt G16 lag. I tillegg er èin spelar frå Vik og èin spelar frå Stryn med laget.

Laget skal vere 1 veke i Merseyside-området. Totalt er det ein tropp på 18 spelarar og eit trenarteam på 4. Nokre foreldre er også med som supportarar.

Laget overnattar på hotell i Liverpool, og har leigd minibuss slik at laget kjem seg til dei forskjellige kampane. Kostnaden på ein slik tur blir dyr, men med tidleg booking og hjelp av sponsorer og dugnad har dei i år og fått det til.

Sportseleg er det litt sterkare motstand i år der dei møter G16 laga til Everton (tysdag: tap 0-3), Fleetwood (onsdag), Burnley (torsdag) og Preston (fredag). I tillegg blir det omvisning på Everton Akademiet.

Laurdag 14.okt reiser alle saman på Burnley-West Ham (Premier League) der dei har fått samla billettar saman med Akademi laga til Burnley (U9- U23).

- Alle gler seg til ei veke i nord vest England der resultata ikkje er det viktigaste, men referansar og sosial moro blir vel så viktig, seier Terje Tonheim (Lagleiar Sogndal G16).

Les om fjorårets tur her

Sogndal G16
Sogndal G16

Sogndal G16
Sogndal sitt gutelag har hatt ein svært bra sesong så langt. Kun eit tap i seriespelet hittil i år, og dei er på god veg til KM tittel etter 4-3 siger i sist heimekamp mot Førde.

- Neste kamp borte mot Florø 18 okt blir spennande, med siger der treng me kun 1 poeng på dei to siste kampane våre. Siste kamp er heime mot Stryn 25 okt. Då kan me kanskje heve KM pokalen, og det er det lenge sidan eit guttelag har gjort i Sogndal, seier Terje Tonheim.

Annonse fra Obos-ligaen: