Treningsleir til Gran Canaria

Puerto Rico: Dei neste 14 dagane skal karadn trene godt og legge grunnlaget for 2018 i varmere strøk.

Oppkjøringa til årets sesong er godt i gang, og i dag dro laget til Gran Canaria for å få maks utbytte av treninga.

- Mine forventningar til treningsleiren er at gutane leverer på bana, at me får trent godt og det er sjølvsagt eit pluss om vêret også viser seg frå si beste side, fortel Rune Bolseth.

Program
Laget har base på Marina Suites gjennom heile opphaldet.
Dei første tre dagane skal laget trene på Maspalomas Stadion (1-3.feb) kl.10:00-11:30. 
Frå 4.feb til 13.feb trenar laget på Salobre Stadion frå kl.10:00-12:00.

Kamp mot Las Palmas
Me spelar treningskamp mot Las Palmas 2 onsdag 8.feb på Maspalomas Stadion kl.12:15.

Tropp:
Det er totalt 25 spelarar som er med nedover.

Følg oss på Snapchat
Spelarane kjem til å legge ut oppdatering frå Gran Canaria på vår snapchat, legg oss gjerne til med brukernamn: sogndalfotball.

Før avreise
Lars Christian Kjemhus og Per Mangus Steiring tok ein gjennomgang på kva dei har med seg i bagasjen nedover.




Sjå video frå siste treningsøkt i Sognahallen før avreise: 


Annonse fra Obos-ligaen: