Full fart på treningsfeltet

Karane er tilbake i Sogndal etter ein vellukka treningsleir. Me har snakka med Eirik Bakke om korleis me ligg an i løypa.

Tysdag starta Eirik Bakke og gutane hans med ny treningsveke i Sognahallen.

- Treningsleiren på Gran Canaria var veldig bra for oss, og no er me i gang med ein ny fase før seriestart, seier Bakke.

Denne veka er det trening i hallen kl. 15.00 på onsdag, deretter er det trening torsdag og fredag kl. 10.30. På laurdag er det treningskamp mot Florø i Sognahallen med avspark klokka 16.00.

Me snakka med Eirik om treningsleiren, om spelarlogistikk og andre ting i dette intervjuet:


Her er nokre bilete frå dagens trening.

Annonse fra Obos-ligaen: