Tungt tap i cupen

Det vart 1-3 mot Odd i semifinalen

Det vart 1-3 mot Odd i dagens semifinale på Fosshaugane, og med det er me ute av årets NM. Me gratulera Odd med plassen i cupfinalen.

Tusen takk til alle dei som møtte opp og støtta gutane i kveld!



Me snakka med ein skuffa trenar etter kampen.

Les fyldig kampreferat på Firdaliven

Det vart ein kamp der det kladda eindel i første omgang. Det var noko tungt over laget vårt, me fekk ikkje tempo på ball og skapte ikkje mange sjansar. Odd kunne gå til kvilen med ein fortent 1-0 leiing.

Pausepraten gjorde godt, og det var eit kvikkare Sogndal-lag som kom på for å jakta utlikning.

I det 64. minuttet kom skåringa vår. Mikkel Erlandsen la ein perfekt ball inn til Mathias Sundberg, som heada ballaen vakkert bak Odd sin keeper.

Me var ikkje lenge i paradis, da litt rot og surr gjorde at Odd kunne gå opp i leiinga berre fire minutt etter, og i det 83. minuttet kom den siste spikeren i kista.

Les om kampen i Sogn Avis

1U3A0426
Trenar Krosshaug var kjapt ute med eit godt klapp på gutane sine etter kampen.

No skal me alle vera skuffa og lei oss, men ikkje lenge. Ein må snart opp på hesten att. Det er mykje moro i vente for dette fantastiske laget. Allereie om ei veke skal me spela ny runde i Europacupen, borte mot Sheriff i Moldova. Me skal også til Gøteborg for å delta i Skandinavisk meisterskap.

Ein skal heller ikkje gløyma at det å ta seg til semifinalen i NM for andre året på rad er ein stor prestasjon, og noko me alle skal vera stolte over.

Det ville seg ikkje heilt i dag, men ein ting kan me vera trygge på: Denne gjengen kjem kraftig tilbake! Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: