Uavgjort mot Molde

2-2 og poengdeling på Fosshaugane

- Det er litt rart å kjenna seg litt skuffa etter 2-2 mot eit av formlaga i landet, men etter 2-0 er det litt surt, sa trenar Eirik Bakke etter kampen.

Stanisa Mandic skåra etter berre 12 minutt i debutkampen frå start. 11 minutt seinare banka Chidiebere Nwakali inn 2-0 på noko som liknar på årets mål her på Fosshaugane.

Molde kom tilbake og utlikna ved Sigurdarson etter 36 minutt, og på stillinga 2-1 kom Bendik Bye aleine med Molde sin keeper. Trønderen sendte ballen forbi Andreas Linde og i stanga.

I sluttsekunda av omgangen fekk Molde frispark i typisk Petter Strand posisjon, og me kunne ana kva som var i ferd med å skje. Slik han har gjort i kvitedrakta før, sendte Petter avgårde eit skot som vart utlikninga til 2-2.


Les om kampen i Sogn Avis

Les om kampen i Firda

Les om kampen i NRK

Kampreferat VG Live

Les om kampen i Porten

Eirik Bakke var som sagt litt skuffa over resultatet, men stolt over innsatsen til gutane.




Ole Gunnar Solskjær var glad for eitt poeng etter den starten dei fekk på kampen.

Me snakka óg med Even Hovland og Victor Grodås etter kampen.


Neste heimekamp er 22. oktober mot Sarpsborg 08. Kjøp billett til den kampen her

Annonse: