Uavgjort mot Odd
Karane leverte ein god kamp i dag.
Det vart 0-0 mot eit sterkt Odd-lag i treningskampen på La Manga i dag. Det viser at me har noko på gang i gruppa vår.
Det var ein litt sjansefattig kamp, men me hadde dei største sjansane til å dra i land sigeren.
Firda sendte kampen live - sjå den i reprise her
Ole Amund Sveen kom inn i lag med Martin Ramsland i det 70. minuttet. Det får stå som kampens høgdepunkt. Duoen herja for oss før Ole Amund brakk begge leggbeina april 2017, og i fjor var Martin ute med skade heile sesongen. Martin fekk sine første minutt mot CSKA, i dag var det Ole Amund sin tur.
Me snakka med Ole Amund etter kampen.
Les i Sogn Avis om kampen og kva Ole Amund sa til journalist Sortland etter kampslutt.
Firda skreiv også om kampen
Ulrik Fredriksen starta på midtbana, og gjekk ned som stoppar ut i 2. omgang. Han var godt nøgd med kampen.
Eirik Bakke var nøgd etter kampen, og ikkje minst over at både Ole Amund og Martin er tilbake på bana i kamp.
No gjenstår ein dag med restitusjon og tre gode dagar på feltet.
Stao no pao!!