Ulrik med frå start

Ulrik Fredriksen fekk sin debut på landslaget

Onsdag 30.aug fekk Ulrik Fredriksen sin debut på det Norge G18 landslaget. Laget møtte Østerrike på Storstadion i Sandefjord. Det vart ein sjansefattig kamp som enda 1-1. Fredriksen fekk sin debut frå start, og var svært nøgd då Sogndal media tok ein prat med han.

Artikkelen held fram under bildeserien. 
Foto: Thomas Brekke Sæteren.

- Det var utrolig gøy og stort for meg å få debutere på landslaget. Ein draum som gjekk i oppfylling rett og slett, fortel Fredriksen.

Fredriksen har vore på landslagssamling ein gang før, men då var han berre med på treninga i forkant. Fredriksen måtte då tilbake til Sogndal og spele kamp mot Odd, mens landslaget dro vidare til Protugal for kampar der. Men denne gang var han med frå start.

- Kampen gjekk heilt greitt for min del. På landslaget har me ein litt anna spelestil enn i Sogndal, så det var litt uvant for meg. Eg vart også flytta opp som spiss dei siste 10 minuttane som ein del av kamp-planen vår dersom det var uavgjort eller me låg under. Dette resulterte i ett annullert mål for meg, en straffe vi ikke fikk og assist på målet vårt, fortel Fredriksen.

Les meir frå kampen her

Mannsverk og Hove også på landslagsoppdrag

Sivert Mannsverk er tatt ut i Norges G15 tropp for første gang.
Laget spelar kampar 19/09 Norge - Sverige, Moelv kl: 18:00 og
21/09 Norge - Sverige, Moelv kl: 16:00.
Les meir om Norge G15 sine kampar her

Johan Hove og Norge G17 spelte 1-1 mot Romania torsdag 31.august. Hove satt på benken under heile kampen.
Les meir om Norge G17 sine kampar her.

Annonse fra Obos-ligaen: