Ungdomane stormar fram i Sogndal

Eivind Helgesen (17) og Sivert Mannsverk (16) er dei to nye spelarane med A-kontrakt i Sogndal. Saman med Jonas Fredriksen (18) og Håvard Hetle (16) er dei også ein del av Sogndal sine unge, framstormande spelarar på aldersbestemte landslag.

Artikkelen er publisert i OBOS-magasinet 2019-no1

I tillegg har Tomas Totland (19) og Kjetil Haug (20) vore innom Norge sitt U-17 og U-18 landslag, før begge var med på det «nye» U-21laget mot Tyrkia på La Manga i november i fjor. Så det er ein relativt ung sogndaltropp som går sesongen 2019 i møte.

Eivind Helgesen har trent med A-laget det siste året, og no tek han steget opp i A-troppen permanent. Debuten for Sogndal fekk han allereie i 4-0 sigeren mot Viking våren 2017.

  • Ein utruleg god følelse, og eg er topp motivert for å satsa vidare. Eg har fått ein unik sjanse, og den har eg lyst å ta vare på, seier Helgesen. 17-åringe  følgjer i fotspora til pappa Trond som spelte for Sogndal på 1990-talet, og var også innom Hødd eit par sesongar. I februar  fekk Eivind sjansen på U-18 landslaget, og det var endå ei ny og spennande oppleving for den lovande sogndalsspelaren. Debuten mot Slovakia gjekk fint då Norge vann 3-1.
  • - Eg var spent før den første samlinga, men eg merka fort at eg hadde nivået inne. Veldig motiverande å den sjansen. Så det blir ei ny utfordring å halda plassen i troppen, fortel 17-åringen.

Denne sesongen kan bli eit gjennombrot for Eivind Helgesen. Han reknar med å få sjansen å visa seg fram i A-lagsdrakta, sjølv om kampar med Sogndal 2 i årets Norsk Tipping-ligaen, eller 3. divisjon også vil by på utfordringar med eit svært ungt mannskap. Der har han selskap av ein anna lovande unggut.

Eivind Helgesen

  • Alder: 17

  • Posisjon: back/kant

  • Fødd: Sogndal

  • Favorittspelar: Eden Hazard

  • Favorittklubb: Sogndal, Manchester United

  • Musikk: Høyrer på alt som er bra

  • Hobby: Sosialt med venner og familie

Sivert Mannsverk har pendla mange tusen kilometer frå Øvre Årdal til Sogndal dei siste fire åra til trening og kampar i den svart-kvite drakta. Diverre for Sivert gjekk mesteparten av fjorårssesongen tapt grunna ein skade, men han rakk å få med seg U-19 laget sin suksess i NM og Skandinavisk meisterskap. No er 16-åringen tilbake for fullt. Årdølen imponerer med fotballkløkt og ro ute på bana, sin unge alder til tross.

  • Å få kontrakt med Sogndal er stort for meg. At det også vart landslagsplass for U-17 betyr også mykje. Alt i Sogndal er profesjonelt lagt til rette, så no er det opp til meg å ta dei neste stega mot A-lagsspel, fortel 16-åringen. Han har eit håp om debut alt denne sesongen, men strekar under at han har god tid.
  • - Eg får god matching på Sogndal 2 med mange jamaldringar. Og med landslagsplass får eg testa meg ut internasjonalt. Dette er svært motiverande i den vidare satsinga, seier den talentfulle midtbanespelaren. Med sitt gode overblikk og ein god pasningsfot, er han i startgropa for det som kan bli ei lysande fotballframtid, i første omgang med Sogndal.

Sivert Mannsverk

  • Alder: 16

  • Posisjon: Midtbane

  • Fødd: Årdal

  • Tidlegare klubb: Jotun/Årdal FK

  • Favorittspelar: Marco Veratti/Thiago Alcantara

  • Favorittklubb: Wigan Athletic

  • Musikk: forskjellig, gjerne gode, gamle.

  • TV: “Would I lie to you”

  • Hobby: Alt som har med konkurransar å gjera

Annonse fra Obos-ligaen: