Unggutane fekk sjansen

- Positiv kamp med eit veldig ungt lag, seier Bøe etter kampslutt.

At Eliteserielaget Sogndal tapte 1-2 mot 2. divisjonslaget Hødd ser verre ut på statistikken enn i realiteten.

- Dette var ein positiv kamp, der me stilte eit veldig ungt lag mot eit lag som spelte i OBOS-ligaen so seint som i fjor, seier Marius Bøe etter kampen. Han er ikkje med på at me dumma oss ut i kveld.

- Nei, me burde nok ikkje tapt kampen, då den var jamn og me har ballen mest. So tapet i seg sjølv er unødvendig. Men me lot ei rekkje med unge og svoltne spelarar frå Sogndal 2 få sjansen i dag, og dei gjorde jobben bra, seier Bøe.

Andreas Lerheim Olsen skåra eit flott mål.
Andreas Lerheim Olsen skåra eit flott mål.

Kampen starta bra då Andreas Lerheim Olsen klinka ballen i mål via tverra etter berre to minutt i skikkeleg regnver.

Laget som starta kampen såg slik ut:

Kristian Rutlin – Magnus Pedersen, Per Magnus Steiring, Ulrik Fredriksen, Tomas Totland – Edin Øy, Henrik Furebotn, Johan Hove, Eivind Helgesen – Andreas Lerheim Olsen, Fredrik Flo.

Benken: Tarjei Omenås, Adrian Solberg, Anders Nord, Andreas Flåten, Bakary Traore og Sivert Mannsverk.

Allereie på laurdag møter me Strømsgodset i Drammen.

- Me ville at alle skulle få kamptrening og sjansen til å visa seg fram. Me har fokus mot seriestart om snaue tre veker, og med eit ungt lag i dag mot god motstand, får resten av A-stallen sjansen mot eit enda betre lag på laurdag, seier Bøe.

Magnus Pedersen og Andreas Lerheim Olsen gjekk av til pause, og vart erstatta av Andreas Flåten og Bakary Traore.

Eivind Helgesen gjorde ein god kamp.
Eivind Helgesen gjorde ein god kamp.

Bøe nyttar høvet til å senda ei helsing til Tyskland. 

- At Gustav Valsvik no er inne på A-landslaget er utruleg kjekt, og det må inspirera desse unge gutane som spelte her i dag at ein gut frå Vik og ein frå Vadheim (Even Hovland), som begge har teke stega sine her i klubben, no er inne på A-landslaget, avsluttar Marius Bøe.

Neste kamp er mot Strømsgodset i drammen på laurdag med avspark klokka 13.30.

Annonse fra Obos-ligaen: