Utteken på landslaget!

Eivind Helgesen skal spela med flagget på brystet

Då trenar Pål Arne Johansen offentleggjorde troppen til G18-landslaget, stod navnet til ein sogndøl på blokka. Alle treningstimane Eivind Helgesen har lagt ned dei siste åra har betalt seg, og det er velfortent at han no får sjansen til å visa seg fram for "Paco" og kompani.

- Vingbacken Eivind Helgesen hadde ein strålande haust, kor han var ein del av det «eventyret» Sogndal opplevde, med gull i NM og siger i Skandinavisk meisterskap for juniorar. Han er ein god back i forsvar, og ein minst like god ving i angrep med både fart og teknikk – og passar på den måten meget godt inn i den positive fotballen me ønskjer å spela, seier Paco til fotball.no.

For unge Helgesen er dette første gong han er med.

Eivind har gått gradene i Sogndal. Han har spelt her sidan barnefotballen, og i mai 2017 debuterte han i Eliteserien med eit innhopp i 4-0 sigeren mot Viking på Fosshaugane. Dei siste to sesongane har han stått på B-lista.

- Dette viser det me snakkar litt om her i Sogndal, at det "å stå i det" over tid gir frukter, seier ein svært glad assistenttrenar Terje Skjeldestad.

- Eivind har stått på, jobba hardt og alltid vore positiv. Dette har han gjort over tid. Eit døme er treningsleiren på Gran Canaria i fjor der han deltok på linje me seniorane og stod verkeleg på. Det gjorde at han hadde meir å gå på utover i sesongen, seier Terje.

- Det er veldig kjekt og fortjent at ein så dedikert gut får denne sjansen, seier Skjeldestad.

I fjor haust var Eivind ein av støttespelarane då G19-laget vårt gjekk til topps i både NM og Skandinavisk Meisterskap.

I fotballpausen var Eivind den med aller mest treningstimar i Sognahallen. Dette er ikkje noko nytt, då me ofte ser han her på eigentrening. Det er difor særs kjekt og veldig fortent at han no får sjansen på det norske landslaget.

Me tok ein prat med Eivind under ei av dei mange øktene hans.


Her er troppen:

Rasmus Sandberg - Rosenborg
Oliver Petersen - Molde
Leo Cornic - Vålerenga
Eivind Helgesen - Sogndal
Harald Martin Hauso - Vålerenga
Ole Martin Kolskogen - Åsane
Bjørn Mæland - Odd
Josef Baccay - Lillestrøm
Oskar Opsahl - Vålerenga
Kristoffer Askildsen - Stabæk
Einar Iversen - Everton
Sander Christiansen - Borussia Mönchengladbach
Mathias Kjølø - PSV Eindoven
Thomas Rekdal - Mainz 05
Joshua Kitolano - Odd
Kornelius Normann Hansen - Southampton
Emil Konradsen Ceide - Rosenborg
Oscar Aga - Stabæk
Noah Holm - RB Leipzig
Aune Heggebø - Brann

Kampane på La Manga spelast slik:

8. februar: Norge - Slovakia klokka 18.00
10. februar: Norge - Polen klokka 18.00
12. februar: Norge - Portugal klokka 18.00

Stao pao, Eivind!!

Annonse fra Obos-ligaen: