Utviklar kvarandre

Quality Hotel Sogndal har signert ny samarbeidsavtale med Sogndal Fotball

Quality Hotel Sogndal er eit fullservice konferansehotell som ligg i naturskjøne omgjevnadar i fjordbygda Sogndal ved Sognefjorden. I tillegg til moderne konferanselokale er hotellet ein perfekt base for å oppleve den storslåtte naturen i området.

Annonse:
Sogndal Quality Hotel er ein viktig samarbeidspartnar i målet om å vere best på talentutvikling og kjempe i toppen av norsk fotball, med Sogn og Sogn og Fjordane som utgangspunkt. Saman med hotellet tilbyr Sogndal Fotball eliteturneringar, treningshelgar og aktivitetsutvikling med god kvalitet. Hotellet er også viktig på våre kampdagsarrangement då dei bidreg med leveransar til vår VIP-servering.

- Det er viktig for oss å samarbeide med Sogndal Fotball som profilerar bygda på ein fin måte og er med på å gjere destinasjonen kjend. Me har vore på lag med Sogndal Fotball sidan 80-talet, og det skal me vere framover og. Dette er meir enn berre business. Dette er gode relasjonar som er etablert over tid og som me skal spele vidare på, fortel hoteldirektør Jørgen Christian Lindstrøm.

Bygger ut hotellet
I perioden 2017-2019 utvidar hotellet sine fasilitetar. Utbygginga gjer Quality Hotel Sogndal til det største hotellet i fylket.

- Det er ei svært spennande satsing me er i gang med. Og når hotellet står klart har me estimert med at Sogndal er tilbake som Eliteseriebygd, seier Lindstrøm med eit smil.

Picture1
Sogndal Quality Hotel i 2019
Annonse fra Obos-ligaen: