Vidare i cupen

Næss Lund og Bye sikra avansement - Raufoss gav god motstand

Det måtte ein gamal rev til for å opne skåringskontoen på eit solfylt Toten i kveld. Espen Næss Lund har skåra liknande mål i cupen før, to mål mot Tornado Måløy på Refvik for ein del år sidan.

- Eg er målkongen i cupen, gliste Espen etter kampen.

Raufoss gav oss god motstand, og dei hadde eit skot som smalt i tverra etter eit minutt i andre omgang. Då var stillinga 0-0.

Då Taijo Teniste og Kristinn Jónsson kom på bana eit stykke etter kvilen, festa me grepet og produserte fleire farlege sjansar. So dukka Espen opp etter eit langt kast frå Taijo og sette den kontant i nota. Då viste kampuret 79 minutt. 

Bendik Bye kom aleine med keeper i det 81. minuttet og skåra sikkert.

Kampreferat Firda Live

No er det busstur heim, me kjem med meir i morgon.

Stao no pao!

Annonse fra Obos-ligaen: