Vidare i NM

G19 laget er klar for 3. runde etter 2-1 mot Åsane

I eit strålande solskin tok Sogndal sitt G19 lag i mot Åsane til cupfest på Fosshaugane Campus i ettermiddag.

Det var heimelaget som styrte kampen i 1. omgang. Me kom på fleire småfarlege visittar i feltet til Åsane, men dei store sjansene lot vente på seg.

Keeper Kristian Rutlin hadde ein nokså roleg dag på jobben i første omgang, og folket på tribuna var i gong med å førebu seg på pausepraten då me fekk frispark på "Johan Hove distanse", like utanfor 16 meteren.

Johan viste ingen nåde og banka ballen i nota bak ein sjanselaus Åsane-keeper.

Laga gjekk til pause på stillinga 1-0 til Sogndal.

Ein del på tribuna hadde ikkje rukke å setja seg etter kvilen då det vart balanse i rekneskapen. Åsane gjekk direkte frå avspark i angrep, og plutselig var stillinga 1-1. 

Bergensarane kom no meir med i kampen, som jamna seg meir ut etter at Sogndal hadde dominert i første omgang.

Det var litt småfarleg i begge ender av bana, men so var det sjølvaste Adam Khamurzaeyr som fekk æra av å bli matchvinnar. I det 85. minuttet kom skåringa, til stor jubel i heimeleiren.

Me er med det klare for 3, runde i NM. Stao no pao!

Desse spelte kampen for Sogndal:
Kristian Rutlin - Andreas Flåten, Adam Khamurzaeyr, Tobias Klepp, Eirik Stokkanes - Eivind Helgesen, Johan Hove, Sivert Mannsverk, Kristian K. Berg - Eirik Lereng, Andreas Lerheim Olsen.

Benken: Fartein Bøyum, Mathias Sundberg, Sondre Loftesnes, Anders J. Nord, Jens H. Øvreseth

Annonse fra Obos-ligaen: