Mannen med vinnarskallen

Sogndal: Per-Magnus Steiring (21) angrar ikkje eit sekund på at han forlét Rosenborg til fordel for Sogndal.

Tekst: Morten Sortland - Foto: Elin Hæreid
Artikkelen er publisert i Stao no pao magasinet som er eit samarbeid med Sogn Avis.

– Eg hadde det fint i Rosenborg, men det var eit nålauge som var ekstremt trongt å koma gjennom. Med så sterke stopparar i RBK var det liten sjanse for speletid, seier Steiring, som takka ja med ein gong Sogndal kom på bana.

– Eg fekk moglegheit å trena med Sogndal og såg at det var fantastiske fasilitetar, gode trenarar og ein sjanse for mykje meir speletid. Eg såg ikkje noko grunn til å ikkje gripa denne sjansen.

Lite speletid
Den lovande midtstopparen frå Valnesfjord utanfor Fauske kom til Rosenborg som 16-åring. I Trondheim fekk han fire cupkampar før han blei leigd ut til Viking. Men også her vart det heller magert med speletid.

– Viking var i ein vanskeleg situasjon med lite pengar. Dei skulle selja den eine midtstopparen sin og difor vart eg henta inn. Men så vart det ikkje noko av den overgangen og då sat eg litt i saksa. Eg fekk ikkje så mykje speletid, men opphaldet i Stavanger var ei god erfaring å ta med seg vidare.

Tok sjansen
I Sogndal visste Steiring, som har spelt over 30 aldersbestemte landskampar, at dette var ein klubb som var kjent for å gje unge spelarane moglegheita. Han tok difor sjansen på å ta eit steg ned i klubbstorleik for å gje karrieren ein dytt i rett retning.

– Eg har sett utviklinga til spelarar som Even Hovland og Gustav Valsvik. Dei kom til Sogndal, fekk sjansen og fekk leva ut proffdraumen. Eg har sjølv ambisjonar om å koma til eit høgare nivå, så eg føler absolutt at eg er komen til rett plass for å halda fram utviklinga mi.

Vinnarskalle
– Dette er ein fantastisk klubb å utvikla seg i. Det er eit godt lagmiljø og trenarane gir god rettleiing. Vegen er kortare for å spela fast i ein klubb som Sogndal, men det er likevel stor konkurransesituasjon her. Så du må vera på tå hev og du må prestera heile vegen.

På bana har Steiring gjort seg merka med sin fantastiske hovudstyrke og vinnarmentalitet.

– Det gjeld uansett kva eg deltek i. Eg hatar å tapa. Blodet brusar når eg går ut på bana og når kampen startar er det berre ein ting som gjeld, det er å vinna.

Skada skuldra
At Steiring blir sett på som ein tøffing er det ingen tvil om. Mot Fyllingsdalen rauk han tre scener i skuldra og Steiring måtte anten operera eller halda seg vekke frå fotballen i fire veker. Steiring droppa operasjonen og var tilbake på bana allereie mot Åsane to veker etterpå.

– Dei ville helst ikkje operera fordi det kunne bli komplikasjonar i skuldra. Så då valde eg å ikkje gjera det. Så blei eg fort mykje betre. Samstundes må eg rosa mirakelfysio Trond Ripe, seier Steiring, som kjente til smerter i skuldra i dei første to kampane etter skaden.

– I starten var det ganske vondt og eg måtte ha i meg smertestillande og skulderbeskyttelse. Men no kjenner eg ikkje til det lenger. 

Mykje reise
21-åringen vaks opp i Valnesfjord i Nordland, ei lita bygd på litt over 1500 innbyggjarar. Han utmerkja seg på fotballbana i ung alder og allereie som 13-åring gjekk han over til Fauske som då spelte i 3. divisjon. 

– På den tida var det mykje reise med buss. Eg reiste rett etter skule til Fauske. Så trente me der og så var det venting på diverse bussar for å koma meg heim. Det var ein travel kvardag.

Nær Glimt-overgang
Men han fekk løn for strevet. Etter kvart fekk Bodø/Glimt augo opp for hardhausen.

– Eg trente ein del med Glimt og det var aktuelt å signere for akademiet deira. Men så var eg på ei regionsamling og vart teken ut til ei samling i Porsgrunn. Der var det nordisk landslagsturnering, men Finland trakk seg. Så då stilte Noreg med to lag og eg vart teken ut på Norge sitt andrelag med ein del andre utfordrarar til førstelaget. Trond Henriksen i Rosenborg var der og såg på. Etterpå inviterte han meg til Trondheim for å trena med Rosenborg. 


«»LUFTENS BARON»: På bana har Per-Magnus Steiring gjort seg merka med sin fantastiske hovudstyrke og vinnarmentalitet.

På rett veg
No stod plutseleg valet mellom Rosenborg og Bodø/Glimt for den talentfulle midtstopparen, som då var 16 år.

– Den største grunnen til at eg valde RBK er fordi dei hadde eit rekruttlag i 2. divisjon og fordi heile opplegget rundt Rosenborg var mykje betre, følte eg. 

Etter tre år i bartebyen gjekk turen altså til Sogndal, der han no har skrive under på ein kontrakt som går ut etter sesongen i 2020.

– Det er ei absolutt ei koseleg lita bygd og eg føler at karrieren er på rett veg med tanke på speletid og sånt. Eg kom i fjor og hadde ikkje så mykje forventningar til at eg skulle få spela så mykje som eg gjorde, men eg tok godt vare på sjansen eg fekk. 

Tøff liga
Trass i ein opptur reint personleg, enda sesongen med nedrykk for Eirik Bakke sine menn. No vil Steiring rett opp att i det gode selskap, sjølv om det har vore litt motbakke så langt i 1. divisjon også.

– Me opna sesongen godt og heldt nullen i fleire kampar mot gode lag. Me var solide bakover, mykje på grunn av at me hadde spelt med same forsvarsfirar i heile oppkøyringa. Men etter kvart vart me tvungne til å gjera ein del rulleringar på laget som ikkje var heilt bra. 

Skal opp att
Even Hovland forsvann til Rosenborg og ein del skadar gjorde at Bakke ikkje fekk drilla inn ein fast forsvarsfirar.

– Me fekk ein liten «down»-periode, men det er ein tett og jamn liga der alle slår alle. Det snur fort i fotballen og me måtte gå i oss sjølv. Men ein må hugsa på at me er ei ung gruppe så prestasjonane vil variera litt. Likevel skal me ikkje vera kjent av å spela så svakt som me gjorde mot Ullensaker/Kisa og Åsane på 16. mai, seier Steiring, som absolutt har eit mål om å spela eliteseriefotball med Sogndal i 2019. 

– Det kan me klara. Ingen bryr seg om korleis me klarar det, om det blir direkte opprykk eller kvalik, så lenge me kjem oss opp, seier mannen som hatar å tape.

Fakta

  • Namn: Per-Magnus Steiring

  • Fødselsdato: 7. februar 1997

  • Høgde: 183

  • Vekt: 78 kilo

  • Frå: Valnesfjord

  • Posisjon: Midtstoppar

  • Tidlegare klubbar: Fauske/Sprint, Rosenborg og Viking (lån).

Annonse fra Obos-ligaen: