Frivillig mediaredaksjon

Bli med på laget!

_MG_2998

Mykje skjer i løpet av eit fotballår, og me ynskjer å formidla alt av interesse til dykk supporterar. For å klare dette, treng me hjelp i frå frivillige.

Per no er me tre stykk i redaksjonen:

  • Toril Walker Norheim
  • Ariel Lillestøl
  • Rune Sjøberg

I redaksjonen driftar me heimesida, FacebooksidaInstagramTwitter  og Snapchat. Me har sjølvsagt mest fokus på A-laget, men skal óg ha saker om Utviklingsavdelinga, Sogndal 2 og Damelaget, samt Lerum Cup, SogndalAkademiet, fotballskular og turneringar som vert arrangert av klubben.

Me har ikkje moglegheiten til å betala ut løn for innsatsen, men me kan garantera mange flotte opplevingar på Fosshaugane Campus. I tillegg får du sesongkort og profilert Umbro arbeidsantrekk til bruk under oppdrag.

Har du planar om ei framtid innan media, kan me tilby ein læringsarena der du får eit unikt innblikk i ein klubb i toppfotballen, verdifull erfaring og ikkje minst kan ein knytta kontaktar innan bransjen. 

Me treng hjelp til 

  • Tekst
  • Foto
  • Videoproduksjon

Dei som vil jobba med bilete/video må ha kjennskap til bruk av kamera og redigering.

På tekst treng me ein som skriv godt nynorsk.

Har du lyst til å bidra for klubben, ta kontakt på epost til Rune Sjøberg på rs@sogndalfotball.no

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: