Svein Bakkes Minnefond

Bli med på laget - spre Svein sitt minne

Svein Bakke gjekk bort altfor tidleg 62 år gamal. Svein er synonymt med den framgangen Sogndal har hatt på fotballbana. Saman med Rolf Navarsete og fleire har han vore sentral i å bygge den posisjonen som Sogndal Fotball har i Norge i dag. Me som hadde gleda av å spele med Svein og dei som kjem etter, har dermed fått ein god utviklingsarena i eit trygt og godt miljø i fylket.

Alle som var i gravferda til Svein fekk og med seg at hans innsats innan fotballen gjekk langt utover Sogn og Fjordane sine grenser.

Bli med på laget

— spre Svein sitt minne

Minnet om Svein må leve vidare, og underteikna har på det grunnlaget stifta Svein Bakkes minnefond med følgjande føremål:

“Stiftinga har som føremål å fremje utvikling av talent og leiarar innan fotball i Sogn og Fjordane-regionen. Stiftinga kan gje støtte til enkeltpersonar, og til organisasjonar og samanslutningar som bidreg til å utvikle talent og leiarar.”

Som eit ledd i å samle inn pengar til fondet er det sendt ut mail og/eller brev til  vener av Svein og Sogndal Fotball.

Dersom nokon ikkje har fått mail eller brev, men har ønskje om å bidra er kontonummeret: 3720.17.52540.

Bli med på laget - spre Svein sitt minne.

Med venleg helsing
Svein Bakkes Minnefond

Ingvar Stadheim (Sign.)
Rolf Navarsete (Sign.)
Margrethe Svidal (Sign.)
Kåre Jan Mjelleli (Sign.)
Lasse Opseth (Sign.)

Svein Bakke

  • 1953-2015

  • Sogndal Fotball: 1971-1990

  • 514 kampar

  • 321 mål

Annonse fra Obos-ligaen: