Grendacup

28. desember 2016

Seniorklubben og Sogndal Fotball ynskjer å fortsette tradisjonen og arrangerer Grendacupen 28. desember.

Fyrste Grendacup vart arrangert i 1978 og etter nokre års pause blei denne starta opp igjen i 2015 med Seniorklubben i Sogndal Fotball som arrangør.

Alle elevar frå 4. til og med 8. klasse kan delta.
Det vert både jente og guteklassar med 5 spelarar på kvart lag. Laga vert sett saman med spelarar frå alle årsklassane.

Oppsett av laga vert gjort i samarbeid med fotballgruppene i Sogndal og Kaupanger, samt representantar frå lærarane. Cupen vert arrangert onsdag 28. desember i Sognahallen.

Tidspunkt på dagen kjem me tilbake til når me ser kor mange lag det blir.

PÅMELDINGA GJER DU TIL [email protected]
I påmeldinga må følgjande vere med: Namn, klasse og postadresse.

FRISTEN ER FREDAG 16. DESEMBER.

Deltakaravgifta er kr. 100,- inkl t-skjorte. Betaling på turneringdag i sekreteriatet.

Kontaktperson for spørsmål knytta til turneringa: [email protected]

Annonse fra Obos-ligaen: